Forskning og samlinger

Bildet kan inneholde: Insekt, Beetle, Cetoniidae, Dugg beetle, Invertebrate.

Forsking og samlingar ved museet

Naturmangfald er hovudtema for all forskinga vår. Dette omfattar biologisk og geologisk forsking som skildrar mangfaldet og variasjonen i naturen, og søkjer forklaringar på prosessane som leier fram til dette mangfaldet. Dei vitskaplege samlingane er museet si ryggrad og utgangspunktet for mykje av forskinga. I magasina våre finnst landets største samling av naturvitskapelege objekt, omtrent 6,2 millionar totalt, som er samla dei siste 200 åra. Mykje av materialet er uerstatteleg, blant anna fordi stadane det kjem frå til dømes er blitt øydelagt, utbygd eller endra. Difor har museet eit stort ansvar for å ta hand om materialet.

Nøkkeltal

  • 60+ forskarar og konservatorar

  • 6.2 millionar objekt

  • 120+ forskingsartiklar årleg

Utforsk samlingane våre


Exotic bird skins
Lær meir om samlingane, totalt 6,2 millionar objekt, og kva betyding dei har for forsking og samfunn. Her kan du og lese om våre rutinar for samlingsarbeid.

Forskingsinfrastruktur


Bildet kan inneholde: Verden.
På museet har vi laboratoriar, digitale samlingsdatabasar og ein DNA-bank som er tiljengeleg for både andre forskarmiljø og øvrige interesserte. 

Publikasjonar

Forskarane på Naturhistorisk museum publiserer over 120 vitskapelege artiklar kvart år, samt rapportar, bøker og omfattande formidlingsaktivitetar. Museet gjer og ut eit tidsskrift i botanikk og har sin eigen rapportserie.

Forsking i nordområda



Norge har lang tradisjon innanfor arktisk og anna polarforsking. For Naturhistorisk museum har utforskninga av Arktis og nordområda fortsatt høg prioritet.

 

Evolusjon



All forsking og formidling ved Naturhistorisk museum, byggjer på det vitskapelege prinsippet at jorda og alt liv som finnst på ho er eit resultat av naturlege biologiske og geologiske prosessar. Les vår erklæring om evolusjon.

 

Utdanning ved museet

Er du fascinert av jordas enorme naturmangfald og funderer du på ei karriere som museumsforskar, til dømes innanfor naturvern, eller som lærar, kan våre kurs og masteroppgåver være noko for deg.