Vil styrkja norsk som geologisk fagspråk

Forfattarane av Norsk geologisk ordbok har site på hytta og arbeidd fram gamle og nye norske motstykke til framandspråklege faguttrykk.

Dovrefjell er ein del av fornvidda, som er navnet forfattarane har gjeve det som elles vert kalla den paleiske overflata. Foto: Jensens/Wikimedia Commons

– For min eigen del starta dette då eg begynte som konservator på Mineralogisk-geologisk museum (MGM), som det heitte den gongen i 1967, fortel Inge Bryhni, ein av forfattarane av den nye ordboka.

– Vi fekk jamnleg inn geologiske spørsmål frå publikum som måtte besvarast. Eg samla opp dei enkelte svara mine, som tidvis kunne bli lange tiradar.

Med tida vart svara så mange at MGM gjorde dei tilgjengelege for publikum på ein datamaskin i utstillinga i museet, der dei sjølve kunne søkja blant oppslagsorda.

Populært GeoLeksi

– Dette er så langt tilbake at det var planar om å kjøpa inn ei NOR100-maskin som skulle fylla alle behova til museet. Direktøren gjorde det klinkande klart at det aldri kom til å verta aktuelt med personlege datamaskiner, humrar Bryhni.

Då internett kom, såg han muligheiten for å gjera innhaldet tilgjengeleg for fleire. Med god frivillig hjelp, fyrst og fremst frå ein datainteressert studentson, vart GeoLeksi lagt ut i 1999.

Norsk geologisk ordbok får du t.d. kjøpt i museumsbutikkane ved NHM. Les presentasjonen frå forlaget

Framleis i dag er det geologiske leksikonet blant dei mest populære på nettsidene til Naturhistorisk museum, som MGM etter kvart vart ein del av.

Tok stafettpinnen til mål

Samstundes som Bryhni arbeidde med GeoLeksi, heldt Ellen Sigmond ved NGU (Norges geologiske undersøkelse) på med ei geologisk ordbok.

Alt i 1978 hadde Norges geologiråd spurt henne om å skriva ei slik bok, men oppdraget stranda på det velkjende skjeret som heiter ”manglande midlar”.

I 1991 vart likevel tråden teken opp att, og Bryhni og Sigmond tok kontakt med kvarandre. Andre oppgåver gjorde at Bryhni etter kvart fekk mindre tid til ordboksarbeidet, og i 2009 kom Knut Jorde inn som medarbeidar.

Må tora å leika med språket

– Ellen og Knut var dei som tok stafettpinnen fram til mål. Elles ville boka måtta venta endå lenger på seg, seier Bryhni.

Sjølv om det var ein tilfeldigheit og ikkje planlagt, gler det Bryhni at boka kjem ut i Språkåret 2013.

– For oss har det vore viktig å finna norske uttrykk for latinske eller engelske faguttrykk. Med andre geologar vil vi alltids klara å kommunisera, men vi ynskjer at boka òg skal vera nyttig for folk utanfor fagområdet òg.

– Ikkje minst håpar vi at dette kan gjera at boka kan duga som hjelpemiddel for geologar som ynskjar å formidla faget, seier han.

Skrøpeleg norsk

Skal nordmenn klara å utvikla norske faguttrykk, slik Språkrådet ynskjer, meiner han at norske fagfolk må tora å leika seg med språket.

– Norske fagfolk må tora å leika med språket om vi skal klara å utvikla gode norske faguttrykk, seier Inge Bryhni. Foto: Per Aas, NHM/UiO

Sjølv drog drog han og Sigmond til hytta hennar i Trøndelagsområdet ein gong i året og pønska ut nye norske faguttrykk. Dei fleste vart forkasta.

– Men noko av det vi kom opp med, syntest vi var brukbart. Ta til dømes ordet ”peneplan”, der pene er det latinske ordet for nesten. Det kjenner jo ikkje folk flest til. I staden kom vi opp med ”fornplan”, sidan dette planet er svært gammalt.

Bryhni har fleire gonger vore sensor for eksamensoppgåver frå studentar som i hovudsak har hatt utanlandske forelesarar. Det faglege har han ikkje hatt noko særskilt å setja fingeren på, men norsken omtalar han som skrøpeleg.

Godt motteke

Norsk geologisk leksikon har vorte godt motteke i det geofaglege miljøet, men mykje vil ha meir: fleire har teke til orde for at innhaldet bør leggjast på nett, og kanskje òg i ein app.

– Dette er vel og bra, men det ville vere dårlig gjort mot forlaget som har satsa pengar på å gje ut boka. Forfatterne har óg rettar som ein ikkje kan sjå bort frå.

– Men når boka er utseld, og forfattarane har klar ein oppdatert versjon, kan det godt tenkjast at vi i samråd med forlaget vil leggja ut innhaldet som app.

Se også Ny ordbok skal styrke norsk som geologisk fagspråk (forskning.no)

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 19. mars 2013 05:00 - Sist endret 12. aug. 2020 10:50