English version of this page

Temnospondyle amfibium frå det tidleg-triassiske "fiskenivået" på Svalbard (avsluttet)

Rekonstruksjonsteikning av Aphaneramma (ved Bogdan Bocianowski)

Wallenbergfjellet, på austsida av Fulmardalen. Pilene viser posisjonen til "fiskenivået".

Kalkkonkresjon frå "fiskenivået", med del av eit kranium av Aphaneramma rostratum. Brorparten av virveldyrfunna kjem frå lause blokkar. Foto: Winand Brinkmann, 2008

Konkresjon på sin opphavleg plass i lagrekka, med eit eksemplar av ammonitten Arctoceras blomstrandi

Naturleg oppsprekt konkresjon med avtrykket av kraniet til ein Saurichthys (chondrostid fisk)

Holotypeksemplaret til arten Aphaneramma rostratum (NRM B.1), rostrumkonturane (stipla) rekonstruert etter andre eksemplar

Koprolitt med mange inneslutningar av fiskeskjell

Koprolitt med ein underkjevegrein som ber små dentiklar (tredje bilete) i tillegg til vanlege tenner (piler)

Avsetningane frå tidleg trias på Svalbard er kjende for ei rekke betydningsfulle virveldyrfunn. Fiskeøgler frå to horisontar i Spath-etasjen (245-247 mill. år sidan) høyrer til dei tidlegaste funn av denne gruppa, medan ein 25 meter mektig sekvens frå Smith-etasjen (247-249 mill. år sidan) inneheld ein divers fauna av chondrostide (bruskganoide) og coelacanthine (kvastfinne-) fiskar, og av temnospondyle amfibium. Fiskane danna grunnlaget for ein banebrytande tobindsmonografi av Erik Stensiö (1921, 1925). Temnospondylane frå Svalbard vart kjende fordi dei gjennom mange år var dei einaste amfibia som kunne finnast i marine avsetningar. Lagrekka som Wiman (1910) gav namnet "fiskenivået" dannar det øvste partiet i Lusitaniadalen-leddet av Vikinghøgda-formasjonen til Mørk et al. (1999). Leddet er ein ekvivalent til Iskletten-leddet av Sticky Keep-formasjonen til Buchan et al. (1965).

Temnospondyle amfibium var den mest diverse gruppe av tetrapodar ("landvirveldyr") i sein-paleozoikum, og truleg dei einaste ikkje-amniote tetrapodar som levde fram til mesozoikum. Funna frå Svalbard er ein del av oppblomstringa som skjedde etter den gjennomgripande nedgangen ved slutten av permtida. Anatomien, taksonomien og økologien deira er gjenstand for aktuelle studier ved Naturhistorisk museum i Oslo, medan den jamgamle fiskefaunaen for tida blir undersøkt av ei samarbeidsgruppe frå Zürich.

Alle virveldyrfossil i "fiskenivået" er bevarte i kalkkonkresjonar. Brorparten av temnospondylfunna er skalfragment, men også postkranialt materiale finst. Ammonittar og muslingar vitnar om at det er havavsetningar vi her har å gjere med. Blant dei åtte artane av temnospondylar som er beskrive frå "fiskenivået", er den smalsnuta forma Aphaneramma rostratum den mest vanlege. Vekststadia av denne arten viser postnareale kranielengder på mellom 97 og 375 millimeter. Sjølv om eit relativt komplett(?) rostrum vart funne i 2008, er sjølve snutespissen, og dermed den totale kranielengda, framleis ukjend. Aphaneramma var definitivt ein av dei mest langsnuta tetrapodar som nokon gong har levd.

Eit marint habitat blir ikkje lenger sett på som eit særpreg for temnospondylane frå Svalbard. I dag kjenner vi funn frå mange stader der ein eller fleire artar truleg har levd i eit kystnært marint miljø (t.d. frå Grønland, Sibir, Kazaksthan, Spania, Madagaskar, Pakistan, Australia).

Eit slåande direkte prov for eit marint habitat for Aphaneramma og den nestvanlegaste slekta Lyrocephaliscus kjem frå eit mylder av koprolittar i "fiskenivået". Koprolittane er alltid avlange, stundom irregulære og bøygde, men aldri spiralforma. Lengda varierar mellom to og ti centimeter. Dei fleste inneheld mange inneslutningar av fiskeskjell, tenner, og jamvel kjeve-, kranial- og andre beinfragment, noko som viser at koprolittane vart produserte av fiskeetande virveldyr. Størrelsen og formen utelukkar at dette er fiskekoprolittar. Og det fråveret av andre tetrapodar frå "fiskenivået" viser at berre temnospondylane kan ha vore opphavet deira. Dette gjer "fiskenivå"-koprolittane til eitt av svært få mesozoiske døme der kjelda faktisk er kjend heilt ned til artsnivået. Kvantiteten og størrelsesvariasjonen indikerar at koprolittane ikkje har vorte transportert eller sortert i nemneverdig grad. Dei kan derfor tolkast som prov for avsetning på staden.

Fasiesskiftet frå lysgråe til mørkgråe skifrar mellom "fiskenivået" og det følgjande leddet blir som regel forklart med overgangen til eit opnare, djupare og oksygenredusert avsetningsmiljø (Mørk et al. 1999). Medan chondrostide og coelacanthine fiskar og dei første funn av fiskeøgler viser at vilkåra for eksistensen av virveldyr framleis var til stades, ser temnospondylane ut til å ha forsvunne fullstendig og plutseleg. Dette indikerar at det var dei grunne shelfområda som var temnospondylane sitt habitat.


Buchan, S. H., Challinor, A., Harland, W. B. & Parker, J. R. 1965: The Triassic stratigraphy of Svalbard. Norsk Polarinstitutt Skrifter 135, 94 pp.

Mørk, A., Elvebakk, G., Forsberg, A. W., Hounslow, M. W., Nakrem, H. A., Vigran, J. O. & Weitschat, W. 1999: The type section of the Vikinghøgda Formation: a new Lower Triassic unit in central and eastern Svalbard. Polar Research 18 (1), 51-82.

Stensiö, E. A. 1921: Triassic fishes from Spitzbergen. Part I. Vienna, 307 pp.

Stensiö, E. A. 1925: Triassic fishes from Spitzbergen. Part II. Kungliga Svenska Vetenskapsakademiens Handlingar, Serie 3 (2), 1-261, 34 plts.

Wiman, C. 1910: Ichthyosaurier aus der Trias Spitzbergens. Bulletin of the Geological Institution of the University of Upsala X (3), 124-148, plts. V-X.

Publisert 11. apr. 2022 20:26 - Sist endret 12. apr. 2022 12:07