– Statsbygg bør overta alle universitetsbygningane

– Alle universitetsbygningane i landet bør overførast til Statsbygg. Det meiner direktør Arne Bjørlykke ved Naturhistorisk museum.

Arne Bjørlykke viser fram sprekken i kjellaren i W.C. Brøggers hus, som ikkje er blitt reparert etter at den først blei oppdaga på 1930-talet. Foto: Ola Sæther, Uniforum

– Statsbygg bør overta og administrera alle bygningane til UiO. Ja, faktisk kan dei overta bygningane til alle universiteta. Då kan dei anten organiserast innanfor dagens Statsbygg eller i eit eventuelt, nytt statleg selskap som kan kallast Universitetsbygg A/S.

– Med ei profesjonell organisering av bygningsmassen kan universitetsleiinga konsentrera seg meir om kjerneoppgåvene til universitetet, altså forsking og undervisning, er Bjørlykke overtydd om.

Les heile saka i Uniforum

Publisert 22. aug. 2014 08:14 - Sist endret 20. jan. 2015 08:33