Ti tusen besøkjande i jubileumsopningshelga

Populært med islabyrint og kakao.

Køen for å koma inn i islabyrinten strekte seg heilt opp til Tøyen hovedgård. Foto: Karsten Sund, NHM

Sjeldan har det vore så tettpakka med folk framfor Tøyen hovedgård som det var i vinterkalde minusgrader då Naturhistorisk museum opna jubileumsåret sitt laurdag.

Og var det trangt om plassen framfor bodene med bollar og kjærkomen varm kakao, var køen lenger framfor islabyrinten. Køen strekte seg heilt opp til Tøyen hovedgård, og museumstilsette måtte be folk om å gå i den same retningen og heller koma tilbake ein gong til, slik at fleire kunne få oppleva den trolske stemninga i den lyssette isen.

Fram til 23. februar vil portane i Botanisk hage vera opne til kl. 20, slik at så mange som råd kan oppleva den når den er som flottast.

Rik bukett frå Supermann

– Dette er berre byrjinga. Vi har ein rik bukett med arrangement gjennom heile året, sa jubileumsgeneral Axel Dalberg Poulsen til dei mange frammøtte. Eit av jubileumstiltaka er opning i august av ein ny Vikinghage, og Dalberg Poulsen var derfor for anledninga kledd som ein vikinghøvding. Men ikkje alle fekk vikingassosiasjonar av den blå kappa hans.

– Elevane frå Tøyen skole kallar meg Supermann, smilte han, og takka elevane for innsatsen deira med å byggja isslott framfor Hovedgården. Han takka òg Oslo kommune, som har støtta arrangementet økonomisk.

Vikinghøvding eller Supermann? Axel Dalberg Poulsen takka elevane frå Tøyen skole for hjelpa. Foto: Karsten Sund, NHM

Rektor Ole Petter Ottersen ved UiO heldt ein kort opningstale før han tente lysa i labyrinten.

– Om nokon av dykk barn får beskjed av dei vaksne om at de ikkje skal stilla vanskelege spørsmål, så kan de helsa frå meg og seia at rektor ved Universitetet i Oslo har sagt at det er viktig å vera nysgjerrig!

Kunnskap og innsikt

– Det er nysgjerrigheita som får oss til å jakta på ny kunnskap, og akkurat som når vi går inn i ein labyrint, veit vi ikkje heilt kvar jakta på kunnskap vi føra oss og kva rom som opnar seg. Botanisk hage vart grunnlagt same året som Grunnlova, men utan kunnskap og innsikt er det ikkje mykje hjelp i ei grunnlov.

Han la til at han venta seg mykje av samarbeidet mellom UiO, kommunen og andre aktører, både i Tøyenløftet og i samarbeid som det med Hersleb skole.

Oppdatert: 27.1.: Teljeapparat registrerte 4260 besøkjande laurdagen, og heile 5770 sundagen. Dermed har over 10.000 besøkt NHM, og enno er det berre fyrste jubileumsarrangementet...

Rektor Ole Petter Ottersen tala varmt om nysgjerrigheit til eit kaldt, men lydhøyrt publikum. Foto: Karsten Sund, NHM

Trangt på gardsplassen ved Tøyen hovedgård. Foto: Karsten Sund, NHM

Foto: Karsten Sund, NHM

Foto: Magnus Rakeng

Foto: Magnus Rakeng

Foto: Magnus Rakeng

Foto: Magnus Rakeng

Isskulpturane ved Hovedgården. Foto: Magnus Rakeng

#nhm_oslo

Var du der sjølv og tok bilete? Legg du dei på Instagram og merkjer med #nhm_oslo eller #naturhistoriskmuseum_oslo, vert dei viste på denne sida.

Nettkamera

Du kan framleis fylgja islabyrinten på nettkamera.


Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 25. jan. 2014 19:14 - Sist endret 27. jan. 2019 03:00