Godt NHM-besøk under "Turist i egen by"

Over 700 personar med gratis Oslo Pass besøkte musea under "Turist i egen  by" sundag.

Dinosaur inntar Rådhuset. Foto: Ellen Sjøwall, NHM

Sundag arrangerte VisitOslo og Oslo kommune Turist i egen by. Over 20 000 Oslo-innbyggjarar fekk utdelt eit gratis Oslo Pass, som ga adgang til mange av musea og attraksjonane i byen.

– Vi hadde i overkant av 700 besøkjande med Oslo Pass. Det er omtrent det same som under Turist i egen by i fjor.

– Medrekna dei betalande hadde vi 1130 besøkjande i musea. Det er nesten like mykje som under Øgledagen førre helg, fortel butikkleiar Hanne Lene Skjeklesæther.

– Teljeapparata viser over 5200 besøkjande, så det har altså i tillegg vore rundt 4000 personar som har nytt vårveret i hagen.

Jevnt rush

NHMs jura-dominerte stand. Foto: Ellen Sjøwall, NHM

Ellen Sjøwall og Marianne Strøm sto på NHM sin stand i Oslo rådhus. Med plastdinosaur og plantar frå juratida delte dei ut brosjyrer og informasjon til dei mange som besøkte standen.

– Det var eit jevnt rush av folk. Ut frå kva interesser dei hadde, kunne vi rettleia om kva tilbod museet hadde som passa best for dei, fortel Sjøwall.

– Når det var barn innom, kunne vi t.d. minna om den siste Olsenbanden jr.-filmen, der lærarinna hamna inne i hovudet til tyrannosaurusen Stan. Spesielt artig var det at fleire av barna kunne ein god del om Ida, ikkje minst mange av jentene.

Botanisk hage best kjent

Samstundes som dei delte ut opplysningar om opningstider, inngangsprisar og korleis ein kjem til museet, fekk Sjøwall og Strøm òg nyttige tilbakemeldingar frå publikum.

– Det er ikkje egentlig nokon nyheit for oss, men vi fekk stadfesta at Botanisk hage er betre kjent enn musea inne i hagen, og at mange ikkje er klar over at heile anlegget utgjer Naturhistorisk museum. Til og med folk som bur på Tøyen og som brukar hagen, kjenner ikkje NHM.

– Vi hadde eit jevnt rush av folk, seier Ellen Sjøwall. Foto: Cecilie Ulvestad

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 23. apr. 2013 14:33 - Sist endret 27. okt. 2017 13:15