Overrekte pengegåve til ny Vikinghage

Sparebankstiftelsen DNB gjev 600 000,- til ny Vikinghage i Botanisk hage. Overrekkjinga skjedde under sundagens Vikingdag.

F.v.: Einar Strømnes, NHM, Oddmund Fostad, NHM, Linn Lunder, Sparebankstiftelsen DNB, Sissel Karlsen, gåvesjef i Sparebankstiftlesen DNB, Anneleen Kool, NHM, Anne Birkeland, NHM. Foto: Torstein Helleve, NHM

Fredag vart det kjent at Sparebankstiftelsen DNB gjev 600 000,- til Naturhistorisk museum for å byggja ein ny Vikinghage i Botanisk hage. Og sidan det likevel skulle vera Vikingdag på sundag, passa det bra å foreta overrekkjinga då.

– Dei fleste mottakarane av gåver frå oss er frivillige lag og organisasjonar, fortalde gåvesjef i Sparebankstiftelsen DNB, Sissel Karlsen.

– Men det hender vi gjev til museum og liknande òg. NHM presenterte spennande idear og stor eigen entusiasme for Vikinghagen, og vikingar er jo noko som appellerer til oss nordmenn. Både unge og gamle vil nok ha glede av denne hagen, heldt ho fram.

– Ikkje minst kan lærarar bruka Vikinghagen til å undervisa i både kulturhistorie og naturhistorie.

Anneleen Kool tok mot gåva på NHM sine vegner.

– Vi er Sparebankstiftelsen DNB stor takk skuldig. Vi har store planar for Vikinghagen, og utan denne gåva hadde vi ikkje hatt muligheit til å gjennomføra dei, sa ho.

Les meir om Vikinghagen

Av kommunikasjonsleiar NHM, Torstein Helleve
Publisert 26. mai 2013 14:43 - Sist endret 27. okt. 2017 13:15