Nye opningstider i veksthusa frå nyttår

Frå 2. januar vert veksthusa opne lenger, og vil òg vera opne mandagar.

Frå nyttår får Victoriahuset og Palmehuset lengre opningstider. Foto: Torstein Helleve, NHM

Veksthusa har dei siste åra hatt dei same opningstidene som musea, forklarar Axel Dalberg Poulsen, sjef for Botanisk hage.

– Kvifor det har vore slik, er det ingen som heilt sikkert veit lenger. Vi har i alle fall kome til at vi ynskjer å gje publikum eit breiare tilbod, og utvider dermed opningstidene frå nyttår.

1. nyttårsdag er både musea og veksthusa stengde, men frå 2. januar trer dei nye opningstidene i kraft.

Då opnar veksthusa klokka 10 på føremiddagen, og vert opne til klokka 17. I sommarhalvåret er opningstida endå lenger, heilt til klokka 20. Til no har opningstidene vore 11-16 heile året.

Det vert òg slutt på å halda veksthusa stengt på mandagar.

– Vi har jevnleg opplevd at publikum går glipp av attraktive blomstringar fordi dei skjer i vekedagane, då folk flest er på jobb. No håpar vi at fleire kan få med seg godbitane, seier Dalberg Poulsen.

Han reknar med at undervisninga i veksthusa og vedlikehaldet kan halda fram stort sett som før.


Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 10. des. 2013 13:34 - Sist endret 11. nov. 2017 08:58