Overrekte storverk om Linnés apostlar

Den svenske ambassadøren Ingrid Hjelt af Trolle overrekte måndag storverket "Linnaeus Apostles" til Naturhistorisk museum.

Carl von Linné er kjend som mannen som innførte systemet for vitskaplege navn på plantar og dyr, og som framleis er i bruk. Han sende òg studentar ut i verda for å driva innsamling av zoologisk og botanisk materiale. Desse omtalte han som apostlane sine.

Dei var sytten i talet, og no er dagbøkene deira og andre notat frå ekspedisjonane samla i eit 11 bind stort verk. Den svenske staten skjenka bokverket "The Linnaeus Apostels - Global Science & Adventures" til Norge, og den svenske ambassadøren plukka altså ut NHM som mottakar.

Verket vart overrekt under ei markering i Botanisk museum, som var pryda med deler av Linné-utstillinga som NHM hadde for nokre år sidan. Mest prominent plassert var kartet som viste kor vidt omkring apostlane reiste, ofte med livet som innsats i teneste for vitskapen. Sju av dei sytten kom aldri tilbake til Sverige.

Direktør for Universitetsbiblioteket Bente R. Andreassen og museumsdirektør Arne Bjørlykke takkar ambassadør Hjelt af Trolle (t.h.) for gåva. Foto: Torstein Helleve, NHM

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 13. mai 2013 16:47 - Sist endret 27. okt. 2017 13:15