Kristin Halvorsen besøkte NHM

Den påtroppande styreleiaren brukte ein heil dag på å gjera seg kjent med museet.

Jørn Hurum forklarte Kristin Halvorsen om øglene på Svalbard. Eller var det omvendt? Foto: Torstein Helleve, NHM

Som gjort kjent tidlegare tek tidlegare kunnskaps- og finansminister Kristin Halvorsen over vervet som styreleiar ved NHM frå nyttår. Dagen i dag brukte ho til å gjera seg kjent med museet, i alle fall så kjent som ein kan bli på berre ein dag.

Dagen starta med ein kort presentasjon frå museumsdirektøren og dei ulike seksjonsleiarane, før Halvorsen tok beina fatt rundt på museet med Arne Bjørlykke som guide.

Lunsj og Victoriahuset

Turen starta i Brøggers hus og Colletts hus, der Cecilie Webb og Marianne Strøm gjorde greie for planane for nye utstillingar og rehabiliteringsplanar. Deretter gjorde hagesjef Axel Dalberg Poulsen Halvorsen kjent med Botanisk hage og framtidsplanene der, ikkje minst det nye veksthuset. NHM si avgjerd om å be om eit nytt veksthusprosjekt vart teken medan Halvorsen framleis var kunnskapsminister, så ho var ikkje heilt ukjend med planane frå før.

Etter lunsj og eit besøk i Victoriahuset gav forskingssjef Fridtjof Mehlum eit overblikk over museet si polarforsking. Så venta ein tur i herbariet før kursen vart sett mot avslutning i magasinbygget på Økern.

Innimellom vart det òg tid til å helsa på nokre av forskarane. Jan T. Lifjeld, Christian Brochmann og Rune Halvorsen fekk alle besøk, og det vart òg ein kikk på Svalbardøglene med Jørn Hurum.

Ikkje gå i stå

Den tidlegare statsråden lot seg begeistra av historiar om Victoria-nøkkeroser, DNA frå fiskeskjel og Holtedahl-samlingane, og gav uttrykk for glede over å læra nye ting.

– NHM har mange muligheiter i åra som kjem. Men det er viktig at vi klarar å halda trykket oppe i dei prosessane som er i gang, silk at vi vert ein del av det som skjer utanfor gjerdet, sa Halvorsen, med adresse til Tøyen-løftet. Ho understreka spesielt kor viktig det var at framdrifta i veksthussaka ikkje gjekk i stå.

Siri Rui (t.v.), Solveig Gustavsen og Eirik Rindal viser fram herbarie. Foto: Karsten Sund, NHM

Av kommunikasjonsleiar NHM, Torstein Helleve
Publisert 4. des. 2013 15:27 - Sist endret 27. okt. 2017 13:15