− Meir utforsking i undervisninga!

Bildet kan inneholde: fottøy, yttertøy, bein, vann, asfalt.

Frøspreiingsøving med treklossar som terningar. Foto: Kristina Bjureke, NHM

NHM lærer lærarar å bruka elevane sin nysgjerrigheit i undervisning om botanikk og tap av biologisk mangfald.

I fjor haust starta det fyrste UTFORSK-kurset ved NHM med femten deltakarar. Alle underviser barn om natur, tolv av dei Oslo-skulen og tre i andre institusjonar.

− Vi gjev opplæring i den såkalla UBNU-metoden, der forkortinga står for UtforskingsBasert NaturfagUndervisning, forklarar universitetslektor Kristina Bjureke. I tre år skal ho undervisa norske lærarar i UBNU, med støtte frå EU.

− UTFORSK er den norske delen av INQUIRE, som omfattar 17 partnarar i 11 europeiske land. Botanisk hage ved NHM er ein av fjorten botaniske hagar som er involvert, seier ho.

Undervisning utandørs

Ved hjelp av UBNU skal lærarane mellom anna bli flinkare til å motivera elevane i naturfag, og gje dei naturopplevingar ved å ta elevane med ut av klasserommet. Dette skuleåret rettar UTFORSK-kurset seg mot lærarar i barneskulen, neste år er det lærarar i ungdomsskulen som får tilbodet.

− Vi ynskjer å gjera lærarane godt kjende med Botanisk hage, slik at dei kjenner seg heime her og tek den ofte i bruk.

− Vi håpar òg deltakarane vert inspirerte av å møta andre pedagogar som deler interessa deira for undervisning utandørs og utforskande arbeidsmetodar. Og det har vi lukkast med, i alle fall om lydnivået i lunsjen kan brukast som målestokk, smiler Bjureke.

Tilbakemelding

Til våren skal alle deltakarane laga sitt eige undervisningsopplegg og gjennomføra det med sin eigen klasse i Botanisk hage.

− Det var kanskje eit par som var litt nervøse då datoen vart fastsett. Men andre set pris på muligheiten for tilbakemelding og seier dei får for lite av det elles, seier Bjureke.

Og frå lærarane får NHM på si side tilbakemelding på undervisningsopplegga sine for ulike alderstrinn, og kan justera dersom noko skulle vera for akademisk eller for barnslig.

Nettsider med undervisningsressursar

Men UTFORSK er ikkje berre eit tilbod til dei som har fått plass på kursa. INQUIRE har ein nettstad på ti ulike språk, der interesserte lærarar og andre kan finna undervisningsressursar og delta i diskusjonar. Nyleg vart den norske delen av nettstaden ferdig.

− På desse sidene vil vi jevnlig leggja ut nye forslag til undervisningsoplegg og andre aktivitetar. Vi håpar dette kan vera til nytte for lærarar over heile landet, seier Bjureke.

Påmeldinga til kursa i haust er ikkje opna enno, men dei som vil sikra at dei får beskjed så snart den opnar, kan melda seg på til: kristina.bjureke@nhm.uio.no.

 

Lærarkurs, frå UrtehagenSoppspisarøving i Urtehagen. Foto: Kristina Bjureke, NHM

Av Torstein Helleve, nettredaktør NHM
Publisert 23. jan. 2012 10:19 - Sist endret 5. aug. 2022 10:24