Følg veksthusbloggen!

Frå tid til annan kjem det melding om at det har kome inn fleire midlar til arbeidet med nytt utstillingsveksthus, men korleis vert pengane brukt? Den nye veksthusbloggen gjev alle interesserte ein kikk bak kulissane.

Finn Ervik

Finn Ervik bloggar om det nye veksthuset. Foto: Per Aas, NHM

− Det er kanskje ikkje heilt riktig å kalla den ”ny” lenger, ettersom vi skreiv det fyrste innlegget i desember. Men vi ville forsikra oss om at vi klarte å halda den i gang før vi annonserte den med altfor mykje brask og bram, forklarar Finn Ervik, som leiar veksthusprosjektet.

Han fortel at prosjektet tek mål av seg til å oppdatera om lag ein gong i månaden.

− I alle prosjekt av denne storleiken vil det vera periodar som er meir hektiske enn andre, når avgjerder vert tekne og tidsfristar skal haldast.

− Og så kan det gå fleire månadar der ”ingenting” skjer, det vil seia at tida vert brukt til å diskutera og leggja planar, kartleggja, rekna på kostnadar osv. Heilt nødvendig arbeid,  om ikkje alltid så spektakulært. Men dette òg vil vi prøva å få vist fram, seier han.

Og korleis stoda er i prosjektet akkurat no, må du sjølvsagt gå til veksthusbloggen for å finna ut.

Av Torstein Helleve
Publisert 25. mars 2011 08:53 - Sist endret 9. des. 2019 13:32