Når terrenget blir kart

Ingen andre stader stemmer kartet like godt med terrenget som i den nye Trappebakkehagen i Botanisk hage. Her er høgdestrekane malt direkte på graset.

I ei av hellingane på vestsida av Botanisk hage dukka det denne veka opp kvite, tversgåande striper på graset, og skrånande kasser i fleire fargar.

− Strekane tilsvarar høgdestrekane på eit kart, eller kotar som det egentlig heiter. Kassene er forma som trappetrinn.

− Dei er flyttbare og kan kombinerast på alle måtar som fantasien tillet, forklarar universitetslektor Anne Birkeland, som er ansvarleg for tiltaket.

Leik og refleksjon

Trappebakkehagen er i utgangspunktet ein del av undervisningsopplegget "Geospiren − kjenn ditt landskap", som er retta mot fjerdeklassingar.

− Kart er symbolmetta attgjevingar av landskapet, og for ni-ti-åringar kan det vera vanskeleg å skjøna desse symbola umiddelbart. Dette gjeld i endå større grad barn som har vakse opp i ein by, som Oslo. Ikkje berre barn, men vaksne òg, er ofte lite medvitne om at det er landskap i byen òg, seier Birkeland.

Dei lause trappene skal invitera til både leik og refleksjonar. Den bratte bakken utandørs vert kanskje mindre bratt når den vert samanlikna med ei innadørs trapp.

Kunsthøgskolen

− Den skrå plenen gjer det mulig med fleire leikne innfallsvinklar: kvifor vert vi andpustne når vi spring opp? Kvifor vert vi svimle når vi rullar ned? Og kvifor rullar vi egentlig ned og ikkje opp?

Annelise Bothner-By og Anne BirkelandAnnelise Bothner-By og Anne Birkleland. Foto: Torstein Helleve, NHM

Birkeland har samarbeidd med kunststipendiat Annelise Bothner-By frå Kunsthøgskolen i Oslo om Trappebakkehagen.

Bothner-By studerer korleis folk brukar utstilingsrom fysisk, og korleis dei oppfører seg i høve til andre folk i det same rommet.

− Sjølv om hovudmålgruppa er skuleklassar, kan anlegget takast i bruk av kven som helst. Det er interessant å sjå kva andre enn fjerdeklassingane får ut av det, fortel ho.

− Eg sit og ser korleis publikum brukar bakken. Denne veka har eg for det meste berre observert, men i neste veke kjem eg òg til å intervjua ein del av dei som brukar bakken.

Turistattraksjon og rekreasjon

Det er kanskje ikkje så overraskande at barn tek bakken meir i bruk enn vaksne, med å løysa oppgåver og flytta på trapper.

− Men det verkar òg som utanlandske turistar tek seg betre tid og studerer anlegget meir enn kva norske publikummarar gjer. Kanskje Botanisk hage er meir ein turistattraksjon for dei tilreisande, medan lokalbefolkinga snarare brukar hagen til rekreasjon, spekulerer Bothner-By, men understrekar at dette berre er foreløpige inntrykk.

Trappebakkehagen er i fyrste omgang eit forsøk. Grasmalinga som er brukt er den same som vert brukt på fotballbanar, men forsvinn når graset vert klipt. Korleis tilbodet vert teke mot av publikum vil derfor ha ein god del å seia for om tilbodet skal haldast ved lag.

Barn leikar i TrappebakkehagenTrappekassene kan flyttast og kombinerast på mange måtar. Foto: Annelise Bothner-By

Av Torstein Helleve
Publisert 19. aug. 2011 13:36 - Sist endret 8. des. 2019 10:38