Toffen-prisen til Inge Bryhni

Bildet kan inneholde: panne, nese, smil, hud, hake.

Inge Bryhni. Foto, Per Aas, NHM

Vert heidra for pionerarbeid innan formidling av geologi.

Under Norsk Geologisk Forening (NGF) sin vinterkonferanse i Stavanger tidlegare i januar vart Inge Bryhni tildelt Toffen-prisen, NGF sin pris for formidling av geologifaget.

Bryhni er fyrstekonservator emeritus ved NHM, og juryen omtalar han som ein pioner innan formidling og popularisering av geologi. Fyrst i radio, seinare òg på TV og internett. På NRK sine sider for skulen kan ein framleis sjå fleire opptak med Bryhni.

Lenge før Google og Wikipedia, heilt tilbake i førre årtusen, utarbeida han oppslagsverket GeoLeksi gratis på nett. I samarbeid med Intermedia var òg Bryhni tidleg ute med video på nett, frå geologien i Oslo-området.

Platetektonikk og kontinentalsokkel

Juryen trekkjer òg fram at han har vore heilt i forskingsfronten innan fleire geologiske disiplinar, og vore rettleiar for fleire framifrå forskarar som sjølv har vorte gode formidlarar.

– Eg er sjølvsagt både glad og stolt over å motta prisen, seier Bryhni sjølv.

Inge BryhniInge Bryhni mottek prisen i Stavanger. Foto: Halfdan Carstens, GEO

– Det skjedde jo store ting innan geologien etter at eg var ferdig med utdanninga. Fyrst kom teorien om platetektonikken, som det fall naturleg å formidla om. Seinare kom jo petroleumsgeologien på kontinentalsokkelen, så å seia rett utanfor fjøresteinane våre.

Steinpark i Bud

Bryhni peikar på at prisen fyrst og fremst skal tildelast for formidling av eiga forsking, som er noko anna enn generell formidling av geologifaget. Sjølv meiner han det er ein fordel å ikkje vera for spesialisert når ein skal driva formidling.

– Mitt eige forskingsarbeid har vore mest feltbasert, eg er ikkje like mykje laboratoriemennekse. Eg har jo drive mykje kartleggjing på Vestlandet, og for ein geolog er det uråd å gå i fjella der utan å finna noko interessant.

Sjølv om Bryhni har teke steget over i emeritus-rekkjene, har han ikkje lagt formidlingsarbeidet på hylla. Eit av hjertebarna hans er ein steinpark i Bud i Romsdal.

Sjeldne innvandrarar

– Her samlar og sorterer eg store steinar etter opphav: metamorfe, magmatiske og sedimentære. I tillegg har eg ei eiga avdeling for tidlege innvandrarar. Dette er flyttblokker frå lenger sør, som isen har bore med seg ut til havs. Deretter har breen kalva, og steinane har drive nordover med isfjella og havna i fjøra i Møre og Romsdal.

– Eg har funne både rombeporfyr og larvikitt. Men slike steinar er sjeldne, eg har vel berre funne 6-7 som er store, dvs. 1-2 m i omkrins, seier han.

Bryhni er den femte vinnaren av Toffen-prisen, som vert delt ut annakvart år. Jørn H. Hurum frå NHM var den fyrste vinnaren i 2003, seinare har Sven Dahlgren (2005), Øystein Jansen (2007) og Inge Aarseth (2009) motteke prisen.

OversiktsbileteSteinparken i Bud. Steinane er gruppert etter korleis dei har blitt til. Foto: Inge Bryhni

Av Torstein Helleve
Publisert 28. jan. 2011 00:00 - Sist endret 5. aug. 2022 10:20