Botanisk DNA-gullgruve

− Vitskaplege botaniske samlingar er ei gullgruve som vert for lite brukt, seier botanikar Mika Bendiksby, som i arbeidet med doktorgraden sin har utvikla ein ny metode for å studera dette materialet.

Turka plante frå herbariet ved NHM. Foto: Mika Bendiksby

I tidlegare tider brukte botanikarane utsjånad, formering og etter kvart tal på kromosom som grunnlag for å bestemma kva plantar som vart plasserte i same evolusjonære gruppe. I dag er det DNA-analyse som vert brukt, ein langt meir presis metode.

− Ein kan seia at vi i dag etterprøver hypotesane som tidlegare botanikarar sette fram, seier Bendiksby, som i mai disputerer for doktorgraden ved NHM.

Ikkje godt nok

Til DNA-analysane trengst plantemateriale, og di ferskare, di betre. DNA vert øydelagd over tid, og 20-30 år gammalt materiale vert av mange rekna som for gammalt til dette bruket.

Heilt feil, meiner Bendiksby.

Mika Bendiksby− Herbariemateriale kan vera eit godt alternativ til ferskt plantemateriale, seier Mika Bendiksby. Foto: Privat

− Eg har studert ein underfamilie i leppeblomstfamilien som heiter Lamioideae. Den omfattar 63 slekter, og til å begynna med klarte vi å få brukande data for 50 av desse slektene.

Det var ikkje godt nok for perfeksjonisten i Bendiksby. Etter mykje arbeid i laboratoriet kom ho til slutt fram til ein enkel metode for å få betre DNA frå materialet i herbaria.

Asiatiske herbarium

− Metodar for å få DNA ut av gammalt materiale fantest frå før, men dei er kostbare og kompliserte. Metoden min er enkel, nesten som eit triks. Den kan brukast i alle laboratorium med standardutstyr, forklarar ho.

Metoden sette Bendiksby i stand til å analysera ytterlegare ti av dei gjenståande slektene. Ho reknar med at ho skulle ha klart dei tre siste òg, men har ikkje lukkast med å skaffa til veges plantemateriale.

− Det finst berre i asiatiske herbarie, og vi har ikkje klart å få tak i det, seier ho.

Reisa utan garanti

Bendiksby har analysert prøvar som er opp til 168 år gamle.

− Kvaliteten på DNA dalar gradvis over tid. Men grensa for kor gammalt materiale som kan analyserast med den nye metoden, ligg endå eit stykke lenger tilbake i tid, seier Bendiksby.

Ho meiner fleire burde gjera seg nytte av herbariemateriale framfor å, som ho seier, ”bruka 50 000 på å reisa til Nepal utan garanti for at ein finn dei plantane ein ser etter”.

FlekktvitannFlekktvitann i tvitannslakta, ei av slektene som Bendiksby har studert spesielt i doktorgradsarbeidet. Foto: Mika Bendiksby

Genbank på internett

− Men materialet som vert brukt til analysen, går jo tapt, og ein vil jo helst unngå å øydeleggja for mykje av det verdfulle herbariematerialet.

− På den andre sida: når analysen fyrst er gjort, går DNAet inn i museet sin DNA-bank, og resultata inn i ein genbank på internett slik at andre kan henta data der. Dette er kjempeviktig for arbeidet med molekylær biosystematikk, seier ho.

Riktige hypotesar

− Systematikken vi byggjer med dagens verktøy, ligg mykje nærmare den heile og fulle sanninga om evolusjonstreet enn det tidlegare botanikarar hadde muligheit for å klara.

− Men undervegs unngår ein ikkje å bli fylt med stor respekt for tidlegare plantesystematikarar, som fekk til ubegripeleg mykje med dei begrensingane som låg i metodane deira. Dei fleste av hypotesane deira som eg har testa, har vore riktige.

Denne saka er òg publisert på forskning.no
Om disputasen til Bendiksby

Av Torstein Helleve
Publisert 14. apr. 2011 00:00 - Sist endret 17. aug. 2020 13:12