"Death of a Sea Monster" har premiere laurdag 9. april, som avslutning på den – som navnet seier – vekelange serien "Expedition Week".
– I likheit med Predator X frå 2009 har òg denne filmen mange flotte animasjonar, seier Jørn Hurum, som leiar utgravingane på Svalbard.
– Men denne filmen har i tillegg lukkast med å gje eit noko meir realistisk bilete av kvardagen under utgravingane. I alle fall i den grad det kan kallast kvardag å liggja i telt på 78 grader nord og grava ut 147 millionar år gamle fossil under midnattssola med isbjørnen luskande i nærleiken, ler han.
"Death of a Sea Monster" – se bilder, video ++ på National Geographics nettsider
Mer om Svalbard-øglene
NHMs fullskala modell av ein pliosaur står akkurat no utanfor National Geographic sine lokale i Washington.
"A sea monster cemetery lies at the top of the world. It's an incredible grave site that contains countless, fossilized remains of huge marine predators from the Jurassic Era...."