Bydelspris til Botanisk hages Venner

Bildet kan inneholde: skilt, crest, gjøre, emblem, symbol.

Laurdag fekk Veneforeninga til Botanisk hage overrekt Årets miljødiplom av Bydel Gamle Oslo for sin innsats for nærmiljøet.

− Dette er ei stor oppmuntring for Botanisk hages Venner (BhV), seier leiar Dag Inge Danielsen.

− Medlemmene i BhV er oppriktig glade i hagen, og for dei fleste trur eg det kjennes som løn nok i seg sjølv at ein får lov til å gjera ein frivillig innsats for å støtta arbeidet der. At innsatsen i tillegg vert sett pris på av andre, er ein ekstra bonus og inspirasjon.

I grunngjevinga heiter det:

"Botanisk hages Venner, stiftet i 1986, har som formål å fremme kjennskap til og interesse for Botanisk hage på Tøyen i Oslo, og å styrke og støtte hagens aktiviteter. Gjennom medlemsbladet Palmebladet spres nyheter og informasjon om Botanisk hage, vekstene og aktivitetene der. De har stått for mange aktiviteter og fremmet interessen for miljø og grønt miljø i bydelen."

Vårtreff og julemarknad

Veneforeninga har opp gjennom åra støtta ei rekkje tiltak, som benkar for publikum, paviljong i Urtehagen, lysthus i Oldemors hage og utsetjing av vårløk.

Det største årlege arrangementet til BhV er Vårtreffet, der ein sel plantemateriale som er dyrka fram gjennom vinteren og våren av foreninga si entusiastiske Plantegruppe. Saman med den like årlege Julemarknaden er det ei viktig inntektskjelde for foreninga.

Veneforeninga arrangerer òg gratis omvisingar i hagen kvar sundag frå mai til august. Det er òg høve til å bestilla eigne, betalte omvisingar.

Studieturar for tilsette

− Eg kan ikkje få fullrost veneforeninga sitt arbeid nok, og gratulerer heilhjerta med prisen, seier Axel Dalberg, sjef for Botanisk hage.

− Ikkje berre betrar dei publikum si oppleving gjennom innkjøpa til hagen, men dei har òg støtta studieturar for dei tilsette. Botanisk hage ville vore fattigare utan veneforeninga sin innsats.

Det nyaste samarbeidet mellom veneforeninga og Botanisk hage er boka "Botanisk hage − en oase i Oslo", som vert lansert på Urtehagens dag, sundag 4. september.

Fra utdelingenFrå prisutdelinga på Grønlands torg. Frå venstre: Dag Inge Danielsen, Geir Hem, som delte ut prisen på vegne av Bydel Gamle Oslo, og Bjørg Myklebust, nestleiar i Botanisk hages Venner. Foto: Rolf Kristiansen

Av Torstein Helleve, nettredaktør NHM
Publisert 29. aug. 2011 11:30 - Sist endret 4. aug. 2022 09:50