Ryddesjau i Systematisk sal

Bildet kan inneholde: asfalt, rektangel, gulv, gulvbelegg, tre.

Denne veka er det hektisk aktivitet i Zoologisk museum, der evertebratutstillinga vert teken ned. I fyrste omgang skal den erstattast av ei utstilling av Jo Nesbøs fantasidyr.

- Når vi no tek ned denne utstillinga, er det det fyrste vesle steget på vegen mot nye basisutstillingar, fortel seksjonsleiar Cecilie Webb i Seksjon for utadretta verksemd.

- Det kjem litt tidlegare enn planlagd, men når vi fyrst demonterer desse montrane, vil det vera unødig ekstraarbeid å setja opp att alt slik det sto.

Detektivarbeid

Det som vert teke ned no, er den delen som inneheld evertebratar eller invertebratar, det som gjerne vert kalla virvellause dyr på norsk. Kvart eksemplar vert vurdert av fagleg personale.

Det meste vert teke vare på, men noko slitasje har det vore i dei rundt førti åra utstillinga har stått oppe. Nokre eksemplar er øydelagde, t.d. ved at spriten som bevarte dei har fordampa.

Men det har òg dukka opp andre problem. Det viser seg nemlig at nokre av eksemplara ikkje er tydeleg nok merka. Dermed må det detektivarbeid til for å finna nøyaktig kvar eksemplaret høyrer heime.

Utbreiing av artar

Rydding i monterEntomologane ryddar ned insekta og plasserer dei systematisk i kasser. Foto: Ulla Schildt, NHM

- Noko av styrken i samlingane våre er jo at dei set oss i stand til å seia korleis utbreiingane for ulike artar har endra seg over tid. Nokre artar kan skriva seg frå stader der dei ikkje lenger finst i dag.

- Dermed er det avgjerande viktig at kvart eksemplar vert ført tilbake til rett stad i samlinga. Dette viser oss på nytt kor nøye vi må vera med merkinga når dei nye utstillingane skal opp i framtida, forklarar Webb.

Ho understrekar òg at sjølv om Systematisk sal no vert demontert, betyr ikkje det at systematikken skal ut av NHM.

- Det skal den sjølvsagt ikkje. Men den vil verta betre integrert i dei nye utstillingane, der vi tek sikte på å visa fram samanhengane i naturen, korleis biologi og geologi påverkar kvarandre gjensidig.

Doktor Proktor

Kva tid dei nye basisutstilingane vert klare, vil avhengja av fleire ting, ikkje minst finansiering. Når denne delen av Systematisk sal likevel vert demontert alt no, er det for å gje plass til utstillinga med det kortfatta navnet ”Doktor Proktors sensasjonelle samling av Dyr Du Skulle Ønske Ikke Fantes”.

Mongolsk vannrotteMongolsk vannrotte er eit av fantasidyra som skal stå utstilt ut året. Foto: Aschehoug

- Utstilllinga er eit samarbeid med Aschehoug forlag. Jo Nesbø kjem med den tredje boka om Doktor Proktor i haust, og i samband med det kjem ei utstilling med fantasidyr, henta frå bøkene.

Framande artar

- Denne utstilinga krever relativt lite ressursar frå vår side, sidan Aschehoug står for det meste av arbeidet. Vi reknar med at utstillinga vil trekkja ein del folk i dei tre månadane den skal stå oppe.

Men auka besøkstal er ikkje det einaste målet NHM har med utstillinga.

- Med hjelp av fantasidyra ynskjer vi å nærma oss problemstillingar frå den verkelege naturen. Hjå Doktor Proktor møter vi t.d. den mongolske vannrotta som har sluppe laus i kloakksystemet i Oslo og lever av rottene som levde der frå før. Det kan vera ein innfallsport til ein diskusjon om introduksjon av framande artar, foreslår Webb.

Stengt i veke 35

Malingsarbeid i samband med den komande utstillinga gjer at Systematisk sal vert stengt i veke 35.

Av Torstein Helleve
Publisert 27. aug. 2010 00:00 - Sist endret 4. aug. 2022 09:48