Fekk pris for beste studentpublikasjon

Julie Rousseau, masterstudent ved NHM, mottok SiOs pris for årets beste studentpublikasjon på vegne av The Monthly Moose, som rettar seg mot internasjonale studentar.

- Eg veit ikkje akkurat korleis det gjekk til at eg vart redaktør, ler Julie.

- Eg var akkurat komen til Norge som student, og såg eit oppslag på campus om The Monthly Moose. På velkomstmøtet viste det seg at eg var den einaste som hadde litt erfaring med studentpublikasjonar frå før, og før eg visste ordet av det, sat eg altså som redaktør.

Frustrert norskkyndig ire

- Mange internasjonale studentar er her berre for eitt semester, så det er stor utskifting av medarbeidarar frå semester til semester, forklarar Julie om korleis ho kunne spasera rett inn i rolla som redaktør, eller ”Moose Herder” som bladet sjølv kallar det på karakteristisk uhøgtideleg vis.

The Monthly Moose vert gjeve ut av International Students’ Union (ISU), og er finansiert av Studentparlamentet.

Julie RousseauJulie viser stolt fram den prisvinnande årgangen.

Bladet inneheld stoff frå internasjonale studentar, ofte med eit humørfylt sideblikk som gjer bladet lesverdig for innfødte òg, som eit høve til å sjå korleis t.d. 17. mai og norsk påskefeiring ser ut frå utsida. Studentane får tips til aktivitetar i Sundags-Oslo, og vi kan lesa om kor frustrerande det er å vera norskkyndig ire når ingen vil snakka norsk med deg, berre engelsk.

Kjøpt nye stativ

I grunngjevinga til juryen heiter det:

”Monthly Moose har høy kvalitet og blir lest av mange internasjonale studenter. Innholdet varierer fra akademiske artikler og nyhetsstoff til lesernes humoristiske beskrivelser av livet som utenlandsk student i Norge. Ved sin opplysningsvirksomhet har The Monthly Moose en integrerende funksjon. The Monthly Moose er en av de mest interessante og spennende publikasjonene i floraen av studenttidsskrifter ved UiO.”

- Det er sjølvsagt svært hyggjeleg og inspirerande å motta prisen. Det beste med prisen er at det fylgjer pengar med den, så no har vi kjøpt inn eigne stativ som vi kan plassera tidsskriftet i, fortel Julie.

Samarbeid

Sjølv har ho no forlatt redaktørkrakken for å konsentrera seg om masteroppgåva i geologi, men har framleis ei fast spalte i bladet.

- Som sagt har vi hatt stor gjennomtrekk, men i år er det faktisk tre av oss som òg var med i fjor. Eg er veldig nøgd med at vi får til slik kontinuitet, seier Julie, som òg håpar at eit godt samarbeid med Seksjon for internasjonalisering av studier kan utviklast og bli endå betre.

Av Torstein Helleve
Publisert 12. okt. 2010 13:21 - Sist endret 8. des. 2019 10:38