Årets øglefangst på plass i kjellaren

Etter to månadar er endeleg dei fossile skattane frå utgravingane frå Svalbard i sommar trygt i hus i kjellaren på Geologisk museum.

Øglegravarane 2010 fekk mykje merksemd med direkteoverføring frå utgravingane på Svalbard. Men no er dei tilbake i kvardagen ved museet, og etter to månadar har dei òg fått selskap av fossila som dei har grave ut.

- Du får ikkje med deg tonnevis av innkapsla fossil i handbagasjen på flyet, så dei vert sende i ein eigen container, forklarar Espen Madsen Knutsen, doktorgradsstipendiat ved NHM og øglegravar på femte året.

- Men av ulike årsaker har denne containeren vorte forseinka, så den kom hit fyrst i førre veke.

Nye artar
Dei innpakka fossilfunna kjem i fleire fasongar: nokre er pakka inn i små plastposar som ein lett får med seg fire-fem av om gongen, medan dei største er støypte inn i gipskapper på anslagsvis 300-350 kilo. Når desse skal ned i kjellaren, må det motorkraft til for å halda att slik at kappene vert låra forsiktig nok ned trappa.

- Vi har fått ned kapper på rundt 900 kilo ned her, så dette er ingenting. Og heldigvis køyrer Hans Arne (Nakrem, professor og øglegravar han òg) ein Volvo, den er like god som nokon traktor, gliser han.

No skal gipskappene liggja og turka i eit par veker før dei kan opnast. Deretter vert knoklane langsamt børsta fram, limte og identifiserte. Dette arbeidet vil ta om lag eitt år. Identifiseringar som er gjort i felt tyder på at nesten alle skjeletta tilhøyrer artar som til no har vore ukjende.

Nybrottsarbeid under ekstreme tilhøve
Knutsen kan òg fortelja at dei nylig har hatt ei oppsummering av eksperimentet med direkte biletoverføring frå utgravinga.

- Alle involverte er i hovudsak nøgde, og interesserte i å gjenta dette til neste år. Samstundes ser vi at det er ting som kan gjerast betre. Vi kunne vore flinkare til å få fram kva det var publikum såg på bileta som rulla og gjekk.

- Og tenesta var òg nede i periodar. Men det måtte vi nesten vera førebudde på, for dette var jo nybrottsarbeid under ekstreme tilhøve. Og det i seg sjølv var kanskje òg noko som kunne kome betre fram.

Av Torstein Helleve
Publisert 21. okt. 2010 00:00 - Sist endret 27. okt. 2017 13:14