Klassisk mineralverk i ny utgåve

”Norges mineraler” i revidert utgave etter 25 år som mineralogisk oppslagsverk. 

I 1985 gav Henrich Neumann  ved Norges geologiske undersøkelse (NGU) ut boka ”Norges mineraler”. I 25 år har den vore eit viktig oppslagsverk for mineralogar og geologar i inn- og utland.

Boka har vore utseld i mange år, men samstundes har behovet for å revidera innhaldet vakse. Kvart år vert det registrert nye mineral i Norge, og det ville gje lita meining å trykkja opp nye opplag utan å oppdatera innhaldet.

Ein tredjedel nytt innhald

No er endeleg den reviderte utgåva her, ført i pennen av fyrsteamanuensis Rune S. Selbekk frå NHM.

− Den fyrste boka om norske mineral, Forsög til Mineralogie for Norge, vart skriven i 1777 av Morten Brunnich, fortel Selbekk (meir om tidlege norske mineralbøker).

Om lag ein tredjedel av boka er nytt innhald, og dei gamle delane har vorte omfattande endra.

Rune S. Selbekk

– I 2010 vart 14 mineral beskrivne for fyrste gong i Norge, fortel Rune S. Selbekk. Foto: Per Aas, NHM

− Stadig vert det identifisert nye mineral her til lands. 2010 har vore eit bra år, 14 mineral er beskrivne for fyrste gong i Norge. Eitt av desse, heftetjernitt, er nytt på verdsbasis. Vi nådde akkurat å få det med i boka, smiler Selbekk.

Smykkesteinar

Mineral er grunnstoff og kjemiske forbindelsar som er danna ved naturlege geologiske prosessar.

Dei er kjenneteikna ved å ha ei bestemt kjemisk samansetjing som er bestemt, ei strengt lovmessig indre oppbygning og bestemte fysiske eigenskapar som glans, hardheit og så vidare.

Det er registrert over 4 500 mineral på verdsbasis, og fleire nye kjem til kvart år. Mange mineral har glans og fargespel som gjer at dei er ettertrakta som smykkesteinar.

Ein god del er så sjeldne at dei ikkje har nokon praktisk anvendelse. Heftetjernitten som er nevnt ovanfor finst det t.d. berre fire prøvar av, alle funne på same staden. Ikkje noko grunnlag for hjørnesteinsindustri akkurat. Andre er derimot svært viktige i den moderne kvardagen.

Oslofeltet

− Mineralet ilmenitt vert t.d. brukt i titanoksyd, som gjev den fine, reine kvitfargen i fiskebollar, softis −  og kvitmaling, gliser Selbekk. Vi finn mineral i ei heil rekkje kvardagsprodukt, berre i ein vanleg mobiltelefon finst det over 20 forskjellige.

”Norges mineraler” inneheld 830 mineral som er funne her på berget. 68 av desse vart fyrste gong beskrivne i Norge.

− Mange av desse skriv seg frå Oslofeltet, som er eit rikt geologisk felt. Langs kanten av det finn vi mange ulike mineral. I Langesundområdet åleine er det funne over 200 mineral.

Boka vert gjeve ut av NHM, NGU og Tapir akademiske forlag i samarbeid. Den er å få kjøpt i museumsbutikken ved NHM. Kan òg bestillast frå forlaget.

Sjå òg:
Mineralenes ti på topp
Meir om boka

Denne saka er òg publisert på forskning.no

HeftetjernittDet einaste kjende krystallet av heftetjernitt. Skalaen nede til høgre er 50 micron, eller 5/100 millimeter. Foto: NHM

Av Torstein Helleve
Publisert 18. des. 2010 05:05 - Sist endret 6. des. 2018 13:54