Nytt dyr i Doktor Proktor-utstillinga

Bildet kan inneholde: organisme, leddyr, terrestrisk plante, begivenhet, marinbiologi.

To glade vinnarar på 9 og 11 år fekk sjå det skumle fantasidyret sitt bli verkeleg.

"Doktor Proktors sensasjonelle samling av D.D.S.Ø.I.F." har vore ein publikumssuksess for NHM, med rekordbesøk både i oktober og november. Likevel har ikkje utstililnga vore heilt ferdig.

- Vi mangla eitt dyr for å verta heilt ferdige, fortalde forlagssjef Irja Thorenfeldt frå Aschehoug, som gjev ut Jo Nesbø sin bøker om Doktor Proktor.

- Derfor lyste vi ut ein konkurranse, og i dag kan vi avsløra vinnarane og avduka dyret, kunngjorde ho til rundt 100 frammøtte frå presse, forlag og museum.

Glupsk på asfalt

Dei stolte vinnarane var brørne Jakob og Peder Hornseth Nygaard, 9 og 11 år. Dyret deira hadde dei kalla måneskorpion, eit skummelt dyr som har vorte jaga frå månen av erkefienden månekameleonen. Her på jorda et den alt mulig, men skal visstnok føretrekkja asfalt, betong, kumlokk osv.

Nesbø kunne i tillegg opplysa om at mykje av gravearbeidet som skjer rundt i norske byar og tettstader langt frå er så planlagt som styresmaktene vil ha det til. I staden er det den glupske måneskorpionen som er på ferde. Derfor vert den tidvis kalla "vegvesenet".

Doktor Proktor-utstillinga vert ståande på NHM i alle fall eit par månadar til.

MåneskorpionenMåneskorpionen i grufull majestet medan vinnarane vert intervjua i bakgrunnen.

Dei to vinnarane saman med Jo Nesbø og Pjotr SapeginPeder Hornseth Nygaard, Jo Nesbø, Jakob Hornseth Nygaard, og Pjotr Sapegin, som har utforma modellen av dyret.

Teikning av måneskorpionenVinnarteikninga.

 

Av Torstein Helleve
Publisert 1. des. 2010 11:30 - Sist endret 3. aug. 2022 23:52