Kva er det egentlig dei kranglar om?

Bildet kan inneholde: reptil, slange, skalert reptil, terrestrisk dyr, amfibie.

Nok ein gong er forskarane usamde om Ida-fossilet, men kva er dei egentlig usamde om? Zoolog og forfattar Torfinn Ørmen har svara.

Sjå sak på forskning.no: - Nei, hun er en ekte ape

- Alle er samde om at Ida er eit fantastisk godt bevart fossil, og at det er viktig for forståinga av tidleg primatevolusjon. Usemja knyter seg til kor viktig det er for forståinga av mennesket sin evolusjon, altså rett og slett kor nær oss ho er i slekt, forklarar Torfinn Ørmen, som nyleg ga ut ”Historien om oss”, ei bok om mennesket sin biologiske evolusjon.

- Ordenen primatar er delt inn i to underordenar, som vert kalla haplorhine og strepsirhine. Det er vanleg å anta at desse skilde lag for 63 millionar år sidan. Spørsmålet er om Darwinius er haplorhin, i likskap med menneska, eller strepsirhin.

- Men bak dette ligg eit anna spørsmål: kva for ei av dei tidlege primatgruppene var opphav til dei ekte apane?

Torfinn Ørmen– Haplorhin eller strepsirhin? Det er spørsmålet, seier Torfinn Ørmen. Foto: NHM

- Var det adapoidene, som Darwinius høyrer til, og som overflatisk liknar på lemurar? Eller var det omomyoidane, som liknar på spøkelsesapar? Dette har forskarane har diskutert i fleire tiår.

Færre mulige stamtre

Ørmen understrekar at det er mykje som er usikkert rundt tidleg primatevolusjon, sidan det er store hol i fossilarven.

- Dermed får til og med små fragment som enkelttenner og bitar av kjevar mykje å seia. Det er ikkje så unaturleg, for tennene er den sikraste måten å fastslå arten på, forklarar han.

Men i den nye studien har forskargruppa bak Darwinius sett bort frå dei minste fragmenta, og dermed kome til det dei meiner er eit resultat med færre og betre mulige stamtre.

Akademisk ping-pong

- Det seier seg sjølv at jo meir komplett eit fossil er, jo meir kan ein læra av det. Til små fragment må det nødvendigvis knyta seg meir usikkerheit. Det kan til dømes vera veldig vanskeleg å vita kva enkelttenner og andre små fragment som faktisk høyrer saman.

- Men nokre forskarar vil nok hevda at når vi har så relativt lite materiale tilgjengeleg som vi har, kan ikkje noko veljast bort – og det vil garantert koma påstandar om at Jørn og dei andre med hensikt har konsentrert seg om fossil som støttar deira hypotese, humrar han.

Som primatekspert fylgjer sjølvsagt Ørmen, som sjølv er laust tilknytt Naturhistorisk museum, diskusjonen med stor interesse.

- Det vert ein slags akademisk ping-pong i svært sakte kino. No har Ida-teamet kome med sitt tilsvar til innvendingane som har kome mot dei, så får vi sjå kva neste trekk vert.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Stamtre for primatarPrimatenes stamtre, følge den nye artikkelen om Darwinius masillae. Ill.: Jørn H. Hurum, NHM

Av Torstein Helleve
Publisert 24. sep. 2010 09:00 - Sist endret 4. aug. 2022 09:43