CSI: Barentshavet

Å samla kunnskap om isbjørnen i den ugjestmilde polarisen er ikkje lett. Men slektstilhøve og seksualvanar kan studerast i behageleg tempererte laboratorium.

Bildet kan inneholde: isbjørn, kjøtteter, snø, terrestrisk dyr, drikke.

Isbjørnen er blant dei pattedyra som er mest truga av klimaendringar. Men det er mykje vi ikkje veit om den.

Dei ekstreme tilhøva den lever under, gjer det tungvint å samla inn data gjennom observasjonar i felt. Men no har Eve Zeyl lagt ein ny bit i puslespelet.

- Ved hjelp av satellittovervaking hadde ein tidlegare funne ut at isbjørnane i Barentshavet har to ulike vandringsmønster: nokon held seg på og nær land ved Svalbard, medan andre ferdast på havisen over eit mykje større område.

Dette området strekkjer seg heilt til Frans Josef Land i Russland.

Satellitthalsband
- Vi ville undersøkja om vi kunne finna genetiske årsaker til dei ulike vandringsmønstra, forklarar Zeyl, som nyleg tok doktorgraden ved Nasjonalt senter for biosystematikk (NCB) ved NHM.

Overvakinga skjer ved at isbjørnen vert bedøva og påført eit satellitthalsband, samstundes som det vert teke prøver av blod og vev. Dette arbeidet vert gjort av Norsk Polarinstitutt.

Det er gjennom genetisk analyse av over 600 slike prøvar at Zeyl har rekonstruert familietilhøve hjå dei registrerte bjørnane. Metodane hennar tilsvarar dei som vert brukt i rettsmedisinen.

Vandringsmønster
- Vi fann ingen genetisk forskjell mellom dei to gruppene av isbjørn med ulike vandringsmønster. Vandringa til bjørnane i dei to mønstra overlappar delvis i paringssesongen, og det ser ut som individa i dei to gruppene parar seg med kvarandre, seier Zeyl.

Men slektskap kan kanskje likevel ha noko å seia for vandringsmønsteret.

- Middelavstanden mellom bjørnar som var i slekt med kvarandre, var berre halvparten så stor som mellom bjørnar som ikkje var i slekt, seier Zeyl.

- Vi kan ikkje seia sikkert kvifor det er slik, men ein muligheit er at ungane lærer vandringsmønsteret av mora.

Skifta hiområde
Binnene viste seg òg heimekjære når dei skulle gå i hi for å føda. ¾ av dei hadde hi i same området der dei sjølve vart fødde.

Eve Zeyl

- Vi treng meir kunnskap om isbjørnen sin biologi for å seia noko om korleis den vil reagera på klimaendringane, seier Eve Zeyl. Foto: Privat

- Men den siste fjerdedelen av dei vi studerte skifta hiområde mellom to påfylgjande kull. Det kan tyda på at binnene kan skifta område for hiet dersom dei må, dersom t.d. endra istilhøve gjer det uråd for dei å nå den staden dei pleier å ha hi.

- Ein slik fleksibilitet kan vera ein styrke når isbjørnen skal møta utfordringane som fylgjer av klimaendringane, men det er ein føresetnad at det finst nok is til at binna kan nå alternative hiområde, meiner Zeyl.

Seriemonogami
Eit anna funn var at ungane i eit isbjørnkull som regel har same far. Av 28 undersøkte kull var det berre eitt, i høgda to, som hadde ulike fedrar.

Det tyder ikkje nødvendigvis at isbjørnane dannar par. Både hannar og hoer kan para seg med fleire partnerar gjennom paringssesongen, men i dei fleste tilfella har altså alle ungane i kullet same far.

- Så sjølv om isbjørnen har potensiale for promiskuitet, viser det seg at det genetiske utfallet som regel er ”seriemonogamt”, seier Zeyl, som sjølv berre har vore på Svalbard ein gong.

- Eg likte meg godt der, men som for dei fleste doktorgradsstudentar har det meste av tida mi vore brukt til arbeid med prøvar, analysar osv., smiler ho.

Doktorgradsprosjektet er utførd i samarbeid med forskarar ved Norsk Polarinstitutt, Biologisk institutt, Universitetet i Tromsø og Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

IsbjørnEve Zeyl har analysert prøvar frå over 600 isbjørnar. Foto: Øystein Wiig, NHM

Av Torstein Helleve
Publisert 13. sep. 2010 00:00 - Sist endret 3. aug. 2022 19:12