- Kvifor er det alltid naturen som tapar?

- Alle seier dei er opptekne av naturen, men likevel endar den som salderingspost når vedtak vert gjort. Kvifor er det slik? spør Dag O. Hessen, som i førre veke fekk biomangfaldprisen 2010.

- Forsking viser at vi menneske opplever mindre frykt, mindre smerte, redusert blodtrykk og mindre stress når vi opplever dyr og natur, slo den nybakte prisvinnaren Dag O. Hessen (sjå faktaboks) fast i vinnarforedraget sitt.

- Akkurat kvifor det er slik, veit vi ikkje. Vi veit at vi helst føretrekkjer landskap som har fellestrekk med savannen arten vår kjem frå, men det biologiske er nok ikkje den einaste årsaka, sa Hessen, som heller ikkje ville spekulera i kvifor vi føretrekkjer urørt natur framfor natur der vår eigen art har gjort inngrep.

Uråd å måla verdien

Han viste til tre hovudmotiv for vern av naturen: eigenverdien, den estetiske/opplevingsverdien, og den økonomiske – ”for dei som måtte ynskja det”, la han tørt til.

Han understreka at det ikkje trong vera nokon motsetnad mellom dei økonomiske argumenta og dei andre motiva, men vedgjekk at den økonomiske verdien kunne vera vanskeleg å måla.

- I ein del tilfelle vert det som å fastslå verdien av venskap, kjærleik og helse, som er uråd å måla i kroner og øre. Men i ein del tilfelle er det lettare, sa han, og fortalde om ein kaffiplantasje i Mellom-Amerika, der dei hadde hogd ned det meste av regnskogen for å gje plass til kaffiplantane.

Verdien forsvann med kaffiplantane

Før dei hogg ned den siste resten av regnskogen i nærleiken av plantasjen, fann dei ut at det kunne vera greitt å sjå kva som heldt til der inne.

Det viste seg at dette var heimen til ein sverm villbier, som var dei som sytte for befruktinga av kaffiplantane. Utan desse ville ville drifta snart ha teke slutt.

- Så i dette tilfellet kunne ein setja verdien av denne skogen ganske presist, den var lik verdien av kaffiplantasjen.

Dag O. Hessen- Vi er òg ein del av naturen, seier Dag O. Hessen. Foto: Ulla Schildt, NHM

- Men så ramla botnen av kaffimarknaden ut, plantasjen gjekk over til å dyrka ananas, som formerer seg utan hjelp av bier, og dermed forsvann ”verdien” av skogen òg, la han til, for å understreka kor vanskeleg slik verdsetjing er.

Sauebønder og Frognerfruer

Vanskeleg meinte han òg det var å peika på enkeltårsaker til at naturen ofte vert den som tapar i møte med det som han meinte ofte vart oppfatta som ”reelle” behov.

- Ofte møter vi motstridande interesser, eller ulike perspektiv. Sauebønder har gjerne eit anna syn på ulven enn folk på Frogner, sjølv om begge gruppene kan vera samde i at det er viktig å ta vare på naturen.

- Vidare har vi ”allmenningens tragedie”, der summen av mange små enkelthandlingar får omfattande konsekvensar. Men for den enkelte er gevinsten så stor samanlikna med konsekvensane at handlinga vert utført likevel. Døme på dette kan vera den private bilbruken eller reindrifta på Finnmarksvidda.

- Naturmangfaldlova eit ankerfeste

- Dette har òg samanheng med at vi som art nok har ein evolusjonsmessig tendens til å hausta no. Sjølv om vi intellektuelt kan vita at det vil vera fornuftig å venta, gjev ikkje det alltid utslag i handlingane våre.

Hessen trur den nye lova om naturmangfald vert ankerfestet om vi skal oppnå betre forvalting av naturen.

- Vi må kanskje bli flinkare til å verna areal og prosessar framfor enkeltartar. Naturen er kompleks, og samanhengane er uoversiktlege. Samstundes må vi òg ta omsyn til arten menneske sine behov. Vi er ein del av naturen, og skal leva i den.

Denne saka er òg publisert på forskning.no.

Av Torstein Helleve
Publisert 27. mai 2010 05:00 - Sist endret 8. des. 2019 10:38