Opnar vindu mot fortida bak stengte dører

Fossilt og anna gammalt DNA kan no analyserast ved Naturhistorisk museum i Oslo. Den nyopna laben har svært strenge krav til reinheit, og er den fyrste av sitt slag i Norge.

– Gammalt DNA kan til dømes vera fossilt, eller koma frå museumssamlingar eller jordprøvar, forklarar Sanne Boessenkool.

– Enkelt sagt er gammalt DNA henta frå prøvar som ikkje er tekne spesifikt for DNA-analyse.

Jordprøver frå permafrost

Boessenkool er post doktor ved NHM, og har det daglege ansvaret for drifta av laben. Til no har ho og kollegane vore nøydde til å reisa fram og tilbake mellom Oslo og Center for GeoGenetik i København for å få gjort analysane sine.

– Med ein eigen lab vert vi mykje meir effektive, slår ho fast.

Sanne Boessenkool– Vi kan ta mot prøvar frå heile verda, seier Sanne Boessenkool.

Gammalt DNA vert ofte forkorta aDNA, etter engelsk ”ancient DNA”. Med utgangspunkt i fossilt DNA har forskarar ved NHM mellom anna slått fast når brunbjørnen og isbjørnen skilde lag som artar, og DNA-analysar av jordprøvar frå permafrosten har avslørt kva plantar som stod på mammutmenyen.

Ørsmå prøvar

– Den vanlegaste måten å undersøkja slektskapet mellom nolevande artar genetisk på, er å samanlikna DNA-prøvar og reknar oss bakover i tida ut frå kor store skilnadane er. Med aDNA-analyser opnar vi eit vindu mot fortida som gjev oss meir nøyaktige resultat.

Utfordringa med å jobba med aDNA er at det er så frykteleg sårbart. Ein spyttprøve frå eit levande menneske kan lett erstattast om den skulle verta øydelagd. Det let seg ikkje gjera med aDNA.

– Ofte er det jo slik at vi berre har ørsmå prøvar som utgangspunkt. Og det skal svært lite til før prøvane vert forureina og øydelagde for godt.

Ingen Jurassic Park

  –Dei siste åra har det innimellom kome sensasjonsmeldingar om at nokon har klart å isolera DNA frå dinosaurar, eller frå insekt som har vorte fossilisert i rav. Men kvar gong viser det seg at resultata skuldast forureina prøvar, seier Boessenkool.

Frå laboratorietForskarane må kle seg i heildekkjande vernedrakter når dei arbeider i aDNA-laben. Foto: Sanne Boessenkool

Ho anslår at 500.000 år er det lengste ein kan gå tilbake i tid og framleis ha eit visst håp om å finna DNA som let seg analysera. Eldre DNA-molekyl enn det vil vera brotne ned for mykje til å arbeida med. Jurassic Park vert verande ein fantasi.

For å unngå forureiningar i den nye laben, har Boessenkool og kollegane innført eit svært strengt regime.

Grundig opplæring

– Dette er ikkje den einaste DNA-laben ved NHM, vi har ein vanleg DNA-lab òg. Dei to labane ligg i to ulike bygningar. aDNA som vi mottek, skal ikkje inn i den andre bygningen. Skulle det skje, er risikoen stor for at prøvane vert forureina og ubrukelege.

Dei som arbeider i laben, må ta tilsvarande forholdsreglar. Det ber direkte frå dusjen heime til laboratoriet.

Der må dei kle seg i heildekkjande vernedrakter, som henta ut av post-apokalyptiske skrekkfilmar. Ingen kjem inn i laboratoriet utan å ha fått grundig opplæring fyrst.

Prøvar frå heile verda

Inne i laboratoriet syter luftanlegget for at det heile tida er eit lite overtrykk, slik at ikkje små partiklar skal verta sugd inn når døra vert opna. Kvar natt vert laboratoriet utsett for ultrafiolett stråling for å ta knekken på uvedkomande DNA som likevel måtte ha lurt seg inn.

Det er ikkje berre eigne prøvar som skal analyserast i den nye laben.

– Vi kan ta mot prøvar frå heile verda, og analyserer alt no prøver i samarbeid med universiteta i Oxford og Dublin. No i starten er vi tre personar som har tilgang, men vi reknar med at vi etter kvart gjev andre muligheiten til å analysera prøvane sine her òg, seier Boessenkool.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Laura Epp i beskyttelsesutstyrMunnbind og gummihanskar skal hindra at dei dyrebare prøvane vert forureina. På biletet ser vi (såvidt) Laura Epp. Foto: Sanne Boessenkool

Av Torstein Helleve
Publisert 15. des. 2010 00:00 - Sist endret 27. okt. 2017 13:14