Sjå Ida og Stan i 360 grader!

Kjendisfossilet Ida og tyrannosaurusen med kjælenamnet Stan er to av fire motiv i Virtual Norge sin serie med panoramabilete frå NHM.

Kristiansandsfirmaet Virtual Norge har besøkt NHM og teke 360 graders panoramabilete frå nokre av utstillingane. NHM har fått muligheiten til å lenka til denne omvisinga, noko vi seier oss glade for.

Det er fleire måtar å manøvrera i bileta på. Den mest morosame er å flytta på musa medan ein held nede venstre musetast.

Så mykje meir er det vel ikkje å seia - prøv sjølv!

Bilete frå omvisinga

Tyrannosaurus rex

Giganotosaurus

Iguanodon

Darwinius masillae, "Ida"

Av Torstein Helleve
Publisert 4. nov. 2009 16:43 - Sist endret 27. okt. 2017 13:14