- Verdsarven fortener eit levande landskap

- Kulturlandskapet rundt Urnes stavkyrkje har store verdiar som bør takast vare på, seier botanikar Liv Norunn Hamre.

Foto: Wikimedia Commons

På Ornes i Luster i Sogn står Urnes stavkyrkje, den eldste stavkyrkja i landet. Ho vart bygd rundt 1130, og står på UNESCO si verdsarvliste over kulturminne.

Men det gjeld berre kyrkja og kyrkjegarden. Liv Norunn Hamre er oppteken av at vi og må ta vare på kulturlandskapet som ligg utanfor kyrkjegardsmurane.

Nøyaktige kart

Ho tek doktorgraden ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo i desember, og har forska på landskapet rundt kyrkja. Ho har ved hjelp av eit gamalt utskiftingskart samanlikna landskapet i dag med landskapet frå 1865.

Under utskiftingar vart alle teigar til alle eigarane målt opp og verdisette, slik at alle skulle få tilbake jord tilsvarande den verdi dei gav frå seg under utskiftinga. Og sjølvsagt passa alle på at ein sjølv fekk nok og at naboen ikkje fekk for mykje.

Bygningar, steingardar, røyser, og åkrar heilt ned i 2x3 meter var teikna inn og verdisett. Derfor er desse karta rekna for å vera svært nøyaktige.

Tidkrevjande oppmåling

Men sidan dei manglar koordinatane som dagens kart har, må dei tilpassast før ein kan gjera samanlikningar. Det vanlege er at ein samanliknar gamle kart med dagens kart, men Hamre og kollegane hennar samanlikna kartet direkte med dagens landskap i staden for.

Urnes stavkyrkjeKyrkjegarden til høgre er verna, kulturlandskapet utanfor steingjerdet er det ikkje. Foto: Flickr/Leo-setä

- Det var svært tidkrevjande, men til gjengjeld endte vi opp med eit kart med ein feilmargin på 1,7 meter. Det er mindre feilmargin enn vanlege kart har.

- Ved å sjå kvar strukturar på det gamle kartet overlappa med strukturar i dagens terreng, kunne vi sei kva for nokre som skriv seg frå tida før 1865, og kva for nokre som var nyare.

Attgroinga trugar

- Vi fann at mange av strukturane frå 1865-landskapet framleis finst i dagens landskap. Arkeologen som var med oss, kunne til slutt slå fast at det har vore drive jordbruk på denne staden i 2500-3000 år før kyrkja vart bygd, seier Hamre, som er tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Men i dag er den tradisjonelle drifta borte. Det fører til trongare kår for ein del plantar som tidlegare trivdest i kulturlandskapet.

- Eg har gjort ei grundig kartlegging av alt som veks på Ornes. Vi ser at her framleis er restar etter artsrike enger med stor biologisk verdi, men attgroinga trugar der marka ikkje er driven intensivt. Spesielt nøye har eg studert ein plante som heiter smalkjempe, ein typisk kulturmarksplante som vil ha mykje lys, men lite gjødsel.

Ingen nye frøplantar

Smalkjempe er utsett i område som langt på veg er grodde att. I område med lettvinn skjøtsel klarar den seg derimot betre, men her òg er dei langsiktige utsiktene mørke.

- Lettvinn skjøtsel vil seia at graset vert slått for å halda landskapet ope, men høyet vert ikkje fjerna. Her klarar smalkjempe å spreia seg ved hjelp av sideavleggjarar, men det kjem ikkje nye frøplantar. Dermed vil nok arten forsvinna heilt på litt sikt, fryktar Hamre.

Forvaltingsplan

Skal artsmangfaldet rundt Urnes-kyrkja bevarast, treng gardbrukarane meir offentleg støtte for å kunna oppretthalda tradisjonell drift, meiner ho. For grunnen til at denne drifta ikkje finst lenger, er sjølvsagt at det er ingen som tener pengar på den.

- Eg er derfor veldig glad for at Riksantikvaren og Sogn og Fjordane fylkeskommune er i ferd med å utarbeida ein forvaltingsplan for Urnes stavkyrkje og området rundt. Arbeidet vårt viser dessutan at ein finn den største artsrikdommen i tilknytning til dei eldste kulturminna, så vern av kulturminne og vern av artsmangfald kan gå hand i hand.

- For kor mykje vert kyrkja verdt, om ein ikkje har eit levande landskap rundt henne?

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Liv Norunn HamreLiv Norunn Hamre registrerer plantelivet i skråningen bak kyrkja. Foto: Knut Rydgren

Av Torstein Helleve
Publisert 30. nov. 2009 00:00 - Sist endret 27. okt. 2017 13:14