Tilbakeblikk på ti direktør-år

Bildet kan inneholde: briller, smil, synsomsorg, briller, lykkelig.

Elen Roaldset har vore direktør for Naturhistorisk museum sidan den nye institusjonen såg dagens lys i 1999. Men no er det jamt slutt, og ho kan oppsummera tida si som leiar.

- Det viktigaste har jo vore arbeidet med å samla NHM til ein einheitleg organisasjon. Omorganiseringar er alltid utfordrande, og oppgåva vert ikkje enklare av at vi er spreidde på så mange ulike bygningar. Men vi er komne eit godt stykke på vegen, og det nyaste steget vi har teke er å samla forskinga i ein felles seksjon.

Utanfor hennar eige fagfelt, geologien, er organisasjonsteori ei av interessene til Elen Roaldset. Dei ti åra som har gått sidan ho vart utnevnt som den fyrste direktøren ved det nyoppretta Naturhistorisk museum, har bydd på nok av muligheiter til å gjera seg erfaringar på det feltet.

- Ein del av arbeidet til ein leiar er jo usynleg for dei fleste. Det kan til dømes vera personalsaker, som ofte er både vanskelege og ressurskrevjande. Og så er det situasjonar som brått oppstår. I førre veke vart den nye direktøren Arne Bjørlykke og underdirektør Thore Desserud på kort varsel kalla inn til krisemøte på Blindern i samband med svineinfluensaen. Der og då kjende eg at det var litt greitt å vera ferdig med den slags, smiler ho.

Synlegare forsking

Men det er dei postitive sidene ved direktørtida si ho er mest oppteken av.

- Eg er godt nøgd med at vi har fått til ei fellessatsing i biosystematikk, med samarbeid mellom botanikken og zoologien og òg litt frå paleontologien. Det har bidratt til å synleggjera NHM som forskingsinstitusjon nasjonalt, og delvis òg internasjonalt.

- Vi har fått fleire doktorgradsstipendiatar enn tidlegare, og vi har fått ein felles DNA-lab, som betyr mykje for samarbeidet på tvers av faggrensene. Vi har blitt nasjonal node for GBIF, eit internasjonalt informasjonssystem for biodiversitet. Førebels midlertidig, men det er viktig å få gjort dette til ei permanent ordning. Vi har òg eit godt samarbeid med Artsdatabanken.

Veksthus og paleontologi

Ho opplever ei gryande forståing i omverda for NHM si samfunnsrolle, og er optimistisk for framtida.

- Vi har hatt to evalueringar frå Riksrevisjonen det siste tiåret, og stortingsmeldinga om universitetsmusea, Tingenes tale. Det ser ut til at departementet no vil gripa fatt i utfordringane vi har. Området Tøyen har òg blitt viktigare både bypolitisk og nasjonalpolitisk. Eg trur vi kan få realisert ein del av planane for å dekkja behova for magasin og nybygg.

Elen Roaldset, Thorleif Enger, Geir Ellingsrud2007: Elen Roaldset saman med rektor Geir Ellingsrud og Yara-direktør Thorleif Enger, som gjer kjent at selskapet hans gjev 10 mill. kroner til nytt veksthus. (Foto: Ola Sæther/Uniforum)

Arbeidet for nytt veksthus har vore eitt av dei områda som har gjeve NHM mest mediedekning i Roaldset si direktørtid. Eitt anna er paleontologien, fyrst og fremst gjennom funna av kjempeøglene på Svalbard.

- Paleontologane har verkeleg lukkast i å kombinera forskingsfront og formidlingsfront, ikkje minst gjennom eit spennande samarbeid med Atlantic Productions. Eg håpar andre kan trekkjast inn i dette samarbeidet. Forskarane ved NHM kan verta flinkare til å gå ut sjølve for å få forskinga si fram i lyset, seier ho.

Vandrande teater

Ho rosar arbeidet som har blitt gjort med midlertidige utstillingar og vandreutstillingar. Mot naturens orden var ein suksess, men ho trekkjer òg fram Dødelige dinosaurer og utstilling Det gåtefulle Kina.

- Og i samband med Linné-jubileet hadde vi kunnskapsministeren og den svenske ambassadøren som gjester på eit vandrande teater i hagen, minnest ho med stor glede.

- Vi har hatt fleire slike teater, som avdekkjer skjulte talent hjå fleire av dei tilsette. Og når vi er inne på dei tilsette, så må eg få takka for den utruleg hyggjelege avslutninga eg fekk. Dei mange flotte og enstusiastiske menneska som arbeider her er ein av dei viktigaste grunnane til at eg har trivdest så godt med direktørjobben, og at eg er så optimistisk for NHM si framtid.

Vemod

Med alle omskiftingar som NHM står framanfor – komande nybygg, nyleg gjennomført omorgansiering, implementering av stortingsmeldinga, for å nevna nokon – er det ikkje utan eit visst vemod Roaldset forlet kontoret i Hovedgården.

- Det er litt spesielt, ja, det er det. Men då eg tok til i stillinga, tenkte eg at åtte år var nok, og no har det blitt nesten ti. Det er lenge nok med same leiaren for institusjonen, og det er lenge nok for min eigen del òg. Eg har stor tillit til at Arne Bjørlykke vil vidareføra arbeidet på ein god måte.

Sjå òg:
Ei lykkeleg samanslåing (Uniforum, 8. juni 2009)

Av Torstein Helleve
Publisert 14. mai 2009 14:09 - Sist endret 3. aug. 2022 19:28