Øglejaktsesongen over for i år

For femte året på rad har forskarar frå NHM jakta på øglefossil på Svalbard. Som vanleg med eit TV-team på slep.

Det har nesten blitt ein del av årets gang for Jørn Hurum, Hans Arne Nakrem og dei andre øglejegerane: utgraving på Svalbard i august, ut i media i mars.

- Det er berre ein kort periode det let seg gjera å driva utgravingar på Svalbard, og det er i august, forklarar Hurum, som leia årets 14 mann store ekspedisjon.

To utgravingar
Mange hugsar den dramatiske TV-filmen om Predator X, som hadde premiere på History Channel i mars 2009, og seinare vart vist av TV-kanalar i mange land, mellom anna NRK. I år var det National Geographic som fulgte ekspedisjonen.

- National Geographic vil kanskje ikkje ha ei like dramatisk vinkling på produksjonen, men til gjengjeld vil kanskje sjølve det vitskaplege arbeidet koma betre fram, trur Nakrem.

Ekspedisjonen hadde fått løyve til to utgravingar av Sysselmannen på Svalbard.

Frå utgravingaHimmel, hav og stein: Svalbard er ingen gjestmild stad.

- Den eine staden fann vi for fyrste gong både skulderbelte, hoftebelte, fram- og bakluffer, hals og deler av hovudet. Dermed kan vi for fyrste gong samanlikna dei fram- og bakpartane vi har funne på tidlegare ekspedisjonar, og få ei betre forståing av kor mange artar av plesiosaurar som fantest. Eit viktig funn, seier Hurum.

Like ved vart det òg funne ein fiskeøgleskalle som vart dekt til med ei gipskappe og gravd over, slik at den kan hentast til neste år.

Fekk ikkje låna toalettet
Den andre utgravinga viste seg derimot å vera bomskot. Elleve ryggvirvlar var langt frå den heile plesiosauren som teamet hadde håpa på.

Som tidlegare utgravingar var òg årets ekspedisjon støtta av fleire sponsorar, og øglejegerane tok derfor innimellom pause frå gravinga for å guida besøkjande gjennom sponsorane. Seksti passasjerar frå eit uanmeldt cruiseskip måtte derimot nøya seg med ei kort orientering ved leiren.

- Og ingen besøkjande fekk låna toalettet, humrar Nakrem.

Øydelagt skjelett
Løyvet til utgravingane i den sårbare og freda Svalbard-naturen krever nemleg at forskarane ryddar opp etter seg, at stiar vert fjerna og utgravingshol fylt igjen. Med eit så strengt rydderegime vegrar ein seg for å handtera meir etterlatenskapar enn ein må.

- For å seia det slik: you can only take so much shit, he he.

Smilet forsvinn når dei kjem inn på andre ubodne gjester som har vore nær utgravingane dei gjorde på Janusfjellet i 2004.

- Vi fann to utgravingar som tydeleg var gjort av amatørar. Det ser ut som eit delvis skjelett har blitt børsta fram og fotografert. Kanskje har ein teke vare på enkeltknoklar. Resten av skjelettet har blitt øydelagt av vind og frostsprengning. Mange milllionar av år i jorda, og så øydelagt for alltid av nokon som kan litt for mykje og litt for lite samstundes, fortvilar dei.

Fem sesongar til
Dei to understrekar at det sjølvsagt er hyggjeleg at folk delar interessa deira for fossilar, men at utgravingar utan vitskapleg planleggjing er til skade for forskinga.

- Det er svært vanskeleg å få seg fossila frå Svalbard. Så om nokon oppdagar knoklar som stikk ut frå skiferen på Svalbard, oppmodar vi dei så sterkt vi kan om å ta kontakt med oss, slik at skatten kan reddast!

Uansett tips frå publikum eller ikkje, vert ikkje dette siste sesongen for øglejegerane.

- I dag anslår vi at fem sesongar til er nødvendig for ein fullstendig dokumentasjon. Vi har alt merka oss ut tre lokalitetar der vi ynskjer å gjera utgravingar neste år.

Vending av gipskappeDei skjøre fossila vert støypte inn i gips før transport.

Fugro www.powershop.as Exxon Mobil
Spitsbergen Travel National Geographic  
Av Torstein Helleve
Publisert 18. sep. 2009 00:00 - Sist endret 6. apr. 2022 13:47