Norske sommarfuglar samla for fyrste gong

Dagsommarfuglar og nattsvermarar møtest i den nyutkomne ”Norges sommerfugler”. - Vanskeleg å unngå at dette vert standardverket for norske storsommarfuglar, seier forfattarane.

For fyrste gong er norske storsommarfuglar samla mellom to permar. Verket heiter ”Norges sommerfugler”, og kom i oktober. Forfattarene er Leif Aarvik og Lars Ove Hansen ved Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo, saman med Vladimir Kononenko frå Institute of Biology and Soil Science i Vladivostok.

- Tidlegare måtte ein bruka omsette bøker, eller bøker som gjorde eit lite utval. Under eit besøk i Danmark for fem år sidan vart Lars Ove og eg utfordra på at vi burde laga ei bok som denne for norske sommarfuglar, fortel Aarvik.

ApollosommarfuglApollosommarfugl. Bilete frå boka: Lars Ove Hansen

Ingen hindringar

Fyrst var dei to lunkne til tanken. Ikkje fordi den var dårleg, men fordi dei ikkje trudde at dei skulle ha kapasitet til å gjera jobben. Men då Kononenko hadde eit opphald ved NHM våren 2006, fotograferte han alle sommarfuglane som var aktuelle, og sette bileta saman til plansjar.

- Då den delen var gjort, var det eigentleg ingen hindringar att, seier Aarvik.

Han har skrive teksten, medan Hansen har laga kart som viser kvar i landet dei ulike artane er utbreidd. Han har òg skaffa dei mange bileta av sommarfuglar i naturen, som kjem i tillegg til plansjane til Kononenko.

Oppslagsverk

Det er fyrste gong ei norsk bok har slike utbreiingskart, og det er ikkje det einaste som skil ”Norges sommerfugler” frå tidlegare bøker av denne typen. Der er plansjane som regel samla for seg, silk at ein må bla fram og tilbake når ein skal sjå tekst og bilete i samanheng.

- Vi har derimot lagt vekt på at tekst og plansjar skal fylgja kvarandre, slik at det vert lettare for lesaren, fortel dei to. I tillegg til forskarar og amatørentusiastar, meiner dei skulen vil ha stor nytte av boka.

- Alle skular burde ha denne som oppslagsverk. I alle fall inntil vidare finst det ingen tilsvarande bøker, så det er vanskeleg å unngå at denne vert standardverket, seier dei.

Innvandra og oversette artar

Verket omfattar 958 artar av det som vert kalla storsommarfuglar, dvs. dagsommarfuglar og nattsvermarar, det som kanskje folk flest oppfattar som sommarfuglar. Småsommarfuglar, som ulike familiar møll, er ikkje tekne med.

- Den seinaste dagsommarfuglen som er observert her i landet, er kileblåvengje. Den er berre funnen i eitt område i Norge, viser Hansen på utbreiingskartet.

Lars Ove Hansen og Leif AarvikLars Ove Hansen (t.v.) og Leif Aarvik viser fram boka og eit lite stykke insektsamling.

- Men sidan den har vore kjent lenge på andre sida av svenskegrensa, var det ikkje uventa at ein skulle finna den. Den er ein oversett art snarare enn ein innvandra art. Men vi reknar med at det kjem ein del av dei siste òg i takt med klimaendringane.

Observasjonar på nett

Forfattarane har derfor teke med nokre artar som enno ikkje er observerte i Norge, men som ein reknar med at det er gode sjansar for å finna her, sidan dei finst i tilgrensande område som Danmark og Sør-Sverige.

- Vi vert ikkje overraska om nokon set seg som mål å finna nett desse artane, smiler Hansen.

Dei håpar boka vil auka interessa for naturen blant folk, mellom anna ved å vera til hjelp for dei som ynskjer å registrera observasjonane sine på nettsider som artsobservasjoner.no eller lepidoptera.no.

Kostbart

- Mange av dei som har sett boka, vert over seg over kor mange vakre sommarfuglar det finst i det karrige landet vårt, seier Aarvik.

Boka er utgjeven i samarbeid mellom NHM og Norsk entomologisk forening, og med stønad frå Artsdatabanken. Den vert i hovudsak selt gjennom nettbutikken naturogfritid.no. Distribusjon i vanleg bokhandlar vart for kostbart.

- Vi er jo litt spent på korleis det går, men vi trur at vi når dei fleste interesserte på denne måten òg, seier dei.

Les meir om boka
Bestill boka frå naturogfritid.no

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Av Torstein Helleve
Publisert 25. nov. 2009 00:00 - Sist endret 6. des. 2018 13:54