- Den eigentlege Ida-debatten i gang

Bildet kan inneholde: reptil, slange, skalert reptil, terrestrisk dyr, amfibie.

Jørn Hurum ynskjer den nye artikkelen om Darwinius masillae velkomen. - Det er no den vitskaplege diskusjonen startar, seier han.

I kveld har det blitt kjent at i ein artikkel i torsdagens Nature beskriv forfattarene ein delvis underkjeve og nokre kjevefragment frå Afrika, som skriv seg frå ein ny art kalla Afradapis. Forfattarane meiner Afradapis er i slekt med Darwinius masillae, betre kjent som Ida, og at dei begge høyrer til ei utdøydd grein av halvapane.

- Vi er glade for at fagdiskusjonen no startar, etter at vi har opplevd ein del kritikk dei siste månadane som ikkje har hatt utspring i vitskaplege spørsmål, seier Jørn Hurum.

Rekonstruert underkjeve

Han omtalar den nye primaten som viktig og interessant, men legg til at han fyrst fekk sjå den vitskapelege artikkelen på mandag, og ikkje har sett alle dei data som ligg til grunn for konklusjonen. Han uttalar seg dermed berre på bakgrunn av sjølve artikkelen.

- Afradapis er spesielt interessant sidan den skriv seg frå den afrikanske faunaen seint i eocen-perioden. Afradapis er 10 millionar år yngre enn Ida, og består hovudsakleg av ein rekonstruert underkjeve.

Diskusjonen rundt Ida har vore om ho er ein haplorhin primat eller ikkje, dvs. om ho er ein ape. Mange forskarar vil ha henne til å vera ein halvape i slekt med lemurane.

Same utviklingstrekk

- Underkjeven til Afradapis, slik den vert skildra i Nature, ser meir ut som ein haplorhin og ikkje strepsirhin. Dei samanvaksne underkjevane og dei spadeforma framtennene er typiske haplorhine trekk.

- Desse trekka ser vi òg hjå Darwinius, i tillegg til fleire andre haplorhine trekk. Darwinius er trass alt eit meir komplett fossil enn Afradapis, og viser haplorhine karakteristikkar som Afrapadis ikkje har, meiner Hurum.

Han peikar på at artikkelforfattarane i utstrekt grad har nytta "konvergent utvikling", ofte omtalt som parallell utvikling, som forklaring på at adapoide primatar viser fleire av dei same utviklingstrekka som antropoide.

Konvergent utvikling tyder at ulike artar utviklar dei same utviklingstrekka uavhengig av kvarandre, for å møta dei same miljøbetingelsane.

- Det vil krevja ein grundig analyse av underlagsmaterialet og fortolkinga av det for å skjøna om dette stemmer, seier han.

Ankelen til Ida-fossiletDet omstridte talus-beinet merkert med raudt. Foto: PLoS One

Ikkje sett originalen

Artikkelen hevdar òg at hjå Darwinius er talus-beinet, eit bein i ankelen, ulikt tilsvarande bein hjå andre adapiforme primatar.

- Dette stemmer rett og slett ikkje, slår Hurum fast. Han synest at forfattarene har vore selektive i kva dei har valt ut frå arbeidet til Hurum si gruppe, og kva dei har oversett. Han stiller spørsmålsteikn ved påstanden om at Ida er så flatklemt og knust at det er avgjerande trekk som ikkje kan studerast.

CT-skanning

- Så vidt eg kjenner til, har berre fyrsteforfattaren sett ei avstøyping av fossilet, og ingen av dei har sett originalen, seier Hurum.

- Vi finn dei same karakteristika i talus-beinet hjå arten Caenopithecus, som òg er adapiform. Eg kjenner ikkje til om forfattarane har gjort den same analysen av Caenopithecus som av Darwinius, seier Hurum.

Han fortel at ein no er i gang med høgoppløyst CT-skanning av hender og føter på Darwinius, slik at det vert råd for forskarane å studera desse endå grundigare.

Mykje data på lite plass

Han kommenterer systematikken som er brukt i artikkelen som flyktig.

- Kladistiske analysar, som den som er brukt her, er egentlig ei samling av dei karakterobservasjonane som forfattarane trur har med primatutviklinga å gjera.

- Slike analysar er ein veldig god måte å diskutera mykje data på lite plass, men samstundes varierer det ofte frå forskar til forskar akkurat kva for nokre karakteristikkar som vert brukte i analysen. Systematikken er dermed ekstremt flyktig. Men Ida vil vera grunnlag for mange kladistiske analysar dei neste åra, og denne anlysen er ein god start på diskusjonen.

Fortener grundigare samanlikning

Hurum meiner òg at han og kollegane hans vert tillagde meiningar dei ikkje har gjeve uttrykk for.

- Dei oppgjev boka "The Link" som kjelde. Det er ei populærvitskapleg bok som står for forfattarane si rekning, og som vi som forskarar ikkje har hatt kontroll over. Vår konklusjon er den som står i vår eigen publikasjon: "Vi tolkar ikkje Darwinius som antropoid, men dei adapoide primatane som den representerer, fortener grundigare samanlikning med høgare primatar enn kva som til no har vore tilfelle".

- Det er dette som er fokuset i arbeidet vårt no. Dei fleste adapoidane har ingen gjenlevande etterkomarar, og nokon av dei var samtidige med dei fyrste antropoidane. Likevel kan vi ikkje utelukka at i det minste nokon av dei tilhøyrer den gruppa som alle høgare primatar utvikla seg frå.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Ope seminar

Laurdag 7. november arrangerer NHM seminaret Early evolution of primates and how to tell the story, der forskarane bak Ida møter to av dei fremste kritikarane sine.

Det skjer i Universitetets gamle festsal i Urbygningen i sentrum. Arrangementet er gratis og ope for alle.

Av Torstein Helleve
Publisert 21. okt. 2009 00:00 - Sist endret 26. juni 2022 06:56