Hagekulturpris til Botanisk hage

Botanisk hage har blitt tildelt Det norske hageselskaps Hagekulturpris for 2009.

Det norske Hageselskaps Hagekulturpris vert delt ut til "personer, institusjoner, organisasjoner, bedrifter o.a. som på en særdeles god måte har gått foran i realiseringen av Hageselskapets målsettinger." Prisen har vore delt ut med ujevne mellomrom sidan 1990.

- I fjor var det t.d. ingen som fekk den, fortalte selskapets styreformann Ole Petter Vik under utdelinga.

I grunngjevinga for tildelinga heiter det:

"Tøyen Botaniske Hage har i alle sine 195 år bidratt til å gi mennesker gode grønne opplevelser, samtidig som den ufortrettelig har arbeidet for å sikre det biologiske mangfold og hagens samlinger og grønn forskning, en rettmessig plass i det norske samfunn. Spesielt er det verdt å nevne Dufthagen som er en opplevelseshage for alle, men spesielt tilrettelagt for blinde, svaksynte og rullestolsbrukere."

Djupe røter

Ole Petter Vik og Liv BorgenOle Petter Vik overrekkjer kunstverket til Liv Borgen.

Professor Liv Borgen, fungerande sekjsonsleiar for Botanisk hage, tok mot prisen.

Ho takka ved å trekkja linjene tilbake til siste halvdel av 1800-talet og den dåverande bestyrar Schlüber i Botanisk hage, som arrangerte den fyrste hagebruksutstillinga i Norge i 1852.

Det heldt han fram med å gjera til oppgåva på 1880-talet vart overteken av den den gongen nystarta Selskapet Havedyrkningens Venner, som seinare skifta navn til Det norske hageselskap.

Tilhøvet mellom Botanisk hage og Hageselskapet har altså djupe røter.

Kassegitar

Prisen består av eit tresnitt av kunstnaren Odd Haakensveen, utforma som eit diplom.

- Det skal få ein framtredande plass, slik at det vert sett. Eg håpar ikkje nokon vil ha noko mot at det vert hengt opp i gartnarkantina, sa Borgen.

Før og innimellom utdeling og kakeservering til dei rundt 40 innbodne, underheldt Unni Wilhelmsen på kassegitar. Mor hennar var museumsvakt på Botanisk museum, så ho hadde vore i Botanisk hage i staden for i barnehagen, kunne ho fortelja.

Av Torstein Helleve
Publisert 18. nov. 2009 10:56 - Sist endret 27. okt. 2017 13:14