Lamarck-medaljen til Felix M. Gradstein

European Geosciences Union har avgjort at professor II Felix M. Gradstein ved NHM skal få Jean Baptiste Lamarck-medaljen for 2010 for sin vitskaplege innsats. Utdelinga skjer i Wien i mai.

Jean Baptiste Lamarck som 35-åring.

European Geosciences Union er ein av dei største organisasjonane for geofag i verda. Kvart år deler dei ut Jean Baptiste Lamarck-medalja til ein forskar som har utmerka seg innan felta stratigrafi, sedimentologi og paleontologi.

I 2010 vert altså medaljen gjeven til Felix M. Gradstein. I byrjinga av mai neste år reiser han til Wien, for å få overrekt medaljen under EGU sin årlege konferanse. Eitt av symposia under konferansen vil vera tileigna Gradstein.

Vitskapleg leiarskap

- Dette er veldig moro, smiler han.

- Eg ser fram til å delta i dette symposiet, som òg vil gje meg sjansen til å møta igjen både gode kollegar og tidlegare studentar.

Gradstein får medaljen for sin innsats og sin vitskaplege leiarskap innan felta kvantitativ stratigrafi, stratigrafien i petroleumsbasseng, den geologiske tidsskalaen og mikropaleontologi.

Felix M. Gradstein Kontinentalsokkelen

Etter at han tok doktorgraden ved Universitetet i Utrecht i 1972, har han arbeidd i både privat og offentleg sektor i mange land, på begge sider av Atlanteren. I 2001 vart han tilsett som profesor II ved NHM.

Han har over 140 vitskaplege publikasjonar bak seg, deriblant 14 bøker. Fleire av desse har fått internasjonale prisar dei siste åra.

Saman med Øyvind Hammer driv han prosjektet NORLEX ved NHM. Prosjektet, som er 100 % finansiert med eksterne midlar, reviderer og oppdaterer den undersjøiske stratigrafien på den norske kontinentalsokkelen.

Lamarck sjølv var ein fransk naturvitskapsmann som levde frå 1744 til 1829. Han var tidleg ute med å hevda at evolusjon skjedde som ein fylgje av tilpasning til ytre miljø, og han var den fyrste som brukte ordet biologi i si moderne tyding.

Meir om Felix M. Gradstein

Av Torstein Helleve
Publisert 30. okt. 2009 00:00 - Sist endret 29. nov. 2018 08:24