Godt besøk på Geologiens dag

Mellom 5000 og 7000 besøkte Geologiens dag-arrangementet på Universitetsplassen laurdag.

- Dette er vi svært godt fornøgde med, seier fyrsteamanuensis Rune Selbekk på vegne av arrangørane.

- Vi hadde med oss bortimot 400 prøvar av fossil og mineralar som barna kunne grava ut sjølve, og vi gjekk tom etter to og ein halv time. Like fort gjekk vi tomme for effektar frå Norsk geologisk forening. Heilt sjukt!, smiler han, og takkar Geologisk Museums venner som ilte reddande til med nokre hundre steinprøvar og 200 haitenner innbakt i leire.

Knallver og dinodille

Selbekk meiner det fine veret på laurdag gjorde sitt til suksessen.

- Det gjer jo at det er mykje folk i byen, og dinodillen, som vi kallar den, er jo noko som folk legg merke til og som trekkjer dei inn, seier han. Dinodillen er ein oppblåsbar versjon av Predator X. 4 meter høg og 15 meter lang ruva den godt i landskapet. Det musikalske innslaget med Rambling Hobos bidrog òg til å trekkja folk inn, trur Selbekk.

Skuleelevar

Elles var det månemeteoritt, steinorakel, vulkanutbrot og mykje meir på Universitetsplassen. Men inne i Gamle festsal var det ikkje like trangt om plassen.

- Det er eit lite skår i gleda at foredraga var mindre besøkt enn vi gjerne skulle ynskt. Vi må kikka nærmare på dette opplegget i framtida.

Geologiens dag tjuvstarta på fredagen, med 856 skuleelevar på besøk på NHM. I tillegg til arrangementet på Universitetsplassen, var det òg byvandring og båttur på laurdagen, og ekskursjon til Hovedøya på sundagen avslutta "dagen".

Bilete frå Geologiens dag

Fra åpningen, publikumSkulebesøk NHM: Stor interesse for bodene

Fra åpningen, publikumSkulebesøk NHM: Salah Akhavan demonstrerer tynnslip av stein

Fra åpningen, publikumUniversitetsplassen: Rambling Hobos underheldt publikum

Fra åpningen, publikumUniversitetsplassen: Dinodillen vekte ikkje uventa oppsikt

Fra åpningen, publikumUniversitetsplassen: Mange ivrige juniorgeologar gjorde si fyrste utgraving

Fra åpningen, publikumUniversitetsplassen: Folk tok gjerne ein pause frå valkampen

Fra åpningen, publikumUniversitetsplassen: Ida var sjølvsagt til stades, i fleire versjonar

Av Torstein Helleve
Publisert 14. sep. 2009 10:24 - Sist endret 27. okt. 2017 13:14