Jørn Hurum fekk Forskingsrådets formidlingspris

Jørn Hurum vart i kveld overrekt Forskingsrådet sin formidlingspris for framifrå formidling i Oslo konserthus.

- Sjølvsagt er eg veldig glad for dette, seier Jørn Hurum etter overrekkjinga, på leit etter NRK som skal intervjua han.

Det siste halve året har det vore lanseringa av apefossilet Ida som har brakt Hurum i søkjelyset, noko forskingsminister Tora Aasland var innom då ho under utdelinga slo fast at prisvinnaren har formidla arbeidet sitt ut over landets grenser.

Formidling mot barn

Det som det vert lagt vekt på i grunngjevinga, er likevel det arbeidet som har vore gjort over tid. Hurum har "gjennom en årrekke formidlet for et bredt publikum, og har evnet å nå nye og brede målgrupper... Gjennom glede, faglighet og tilstedeværelse har vinneren over tid skapt oppmerksomhet og interesse for kunnskap og forskning."

At han har formidla like entusiastisk overfor barn som overfor vaksne vert òg trekt fram.

Store ting på Svalbard

- Vi har masse spennande greier i kjellaren på Tøyen etter utgravingane i sommar, kunne Hurum fortelja kveldens konferansier Kari Slåttsveen, og varsla dokumentar på National Geographic.

- Og neste år skjer det store ting på Svalbard, smilte han lurt.

Prisen er på 250 000 kroner.

Professor Nils Petter Gleditsch ved Institutt for fredsforsking vart tildelt prisen for framifrå forsking .

Sjå òg:
Jørn Hurum får Forskningsrådets formidlingspris (Uniforum)
Først kjeft, så penger og ros (Aftenposten)

Hurum, Slåttsveen, AaslandEin glad prisvinnar, ein blid forskingsminister, og ein konferansier som ikkje plystra ein trall, sjølv om det ser slik ut.

Denne saka er òg publisert på forskning.no.

Av Torstein Helleve
Publisert 14. okt. 2009 21:15 - Sist endret 27. feb. 2019 08:46