3000 såg Ida fyrste helga

Folk stod i kø utanfor Zoologisk museum i helga for å sjå Ida og utstillinga "Kan vi tilgi Darwin?"

Kø til porten var det riktignok ikkje. Men Cecilie Webb, prosjektleiar for utstillinga "Kan vi tilgi Darwin?", er likevel strålande fornøgd med besøket. Utstillinga opna fredag, og det var fyrste gongen nokon andre enn forskarar fekk sjå fossilet Ida.

- Vi har nok hatt lengre køar før, m.a. då månesteinen vart vist fram for fyrste gong. Men 3000 besøkjande fyrste helga må vi seia oss godt tilfreds med, smiler ho, og viser til at det er rundt 400 besøkjande ei vanleg helg.

God drahjelp

- Det er klart at vi har fått god drahjelp i forkant av den breie mediedekninga av Ida-fossilet. Men det er hyggjeleg å sjå at ikkje berre er Ida folk er komne for å sjå, dei viser òg stor interesse for resten av utstillinga.

Utstillinga opnar med å fortelja om bakgrunnen til Darwin, og om reisa med HMS "Beagle". Det var på denne femårige reisa Darwin gjorde dei observasjonane som la grunnlaget for den seinare evolusjonsteorien hans. Vi vert òg presenterte for korleis naturvitskapane på den tida såg på på jorda sin alder og det biologiske mangfaldet.

Barn fotograferer Ida-fossilet

Mange unge ville ha bilete av Ida på mobilen sin.

Kampen om tilværelsen

"Kampen om tilværelsen" er eit anna populært innslag.

Inngangspartiet til Zoologisk museum

På utsida venta folk tolmodig i kø.

Artar endrar seg

Så er det klart for å presentera dei fire premissa som førde fram til konklusjonen: arv, variasjon, kampen for tilveret og det naturlige utval. På dette grunnlaget kom Darwin fram til at artar, stikk i strid med det mange på den tida trudde, ikkje alltid har vore slik dei er. Dei endrar seg heile tida.

- I det interaktive spelet "Kampen om tilværelsen" får publikum sjølv oppleva korleis ulike eigenskapar hjå to ulike typar krabbar gjer at den eine arten klarar seg betre enn den andre, fortel Webb.

Det var andre vitskapsmann som tenkte i same banar som Darwin i samtida. Likevel var det nok sprengkraft i tankane hans til å starta ein heftig debatt som har vart ved heilt fram til vår tid. Religionar har avvist dei, medan andre ideologiar har teke dei til inntekt for syn som Darwin sjølv aldri forfekta.

Ikkje bruk for tilgjeving

Avslutningsvis møter vi att spørsmålet som har gjeve navn til utstillinga: "Kan vi tilgi Darwin?". Stortingsrepresentant og tidlegare rektor ved UiO Inge Lønning ga dette svaret då han opna utstillinga i førre veke:

- Svaret mitt er nei, og eg håpar at ingen her vil tenkja tanken. Darwin har ikkje bruk for tilgjeving, for han har ikkje gjort noko galt.

Av Torstein Helleve
Publisert 8. juni 2009 16:04 - Sist endret 10. des. 2019 04:10