David Bruton heidra i Tyskland

Paleontolog og professor emeritus David Bruton vart i byrjinga av oktober utnemnd til korresponderande medlem av Die Paläontologische Gessellschaft.

I oktober var David Bruton i Bonn for å bli utnemnd til korresponderande medlem av Die Paläontologische Gesellschaft, ei internasjonal, tyskspråkleg forening for paleontologar. Korresponderande medlemmer er framståande forskarar innan fagfeltet, som held til i eit anna land enn der utnemninga skjer.

Utnemninga vart gjort på bakgrunn av den framifrå forskinga Bruton har gjort på funksjonell morfologi av trilobittar og andre fossile leddyr, og bidraga hans til tysk paleontologi. Han har hatt fleire forskingsopphald ved Universitetet i Bonn, der han har gjeve råd og utveksla nyttige erfaringar med både forskarar og studentar.

Utsikt over Rhinen

- Forskingsopphalda i Bonn var mellom dei mest gjevande eg har hatt. Fyrste gongen vi var der var i 1992. Det var så kort tid etter samanslåinga av dei to tyske statane at Bonn framleis var hovudstaden, og kvar torsdag var det demonstrasjonar utanfor rådhuset mot flyttinga til Berlin.

- Kona mi og eg budde i universitetsklubben med utsikt over Rhinen. Vi såg dei tungt lasta lastefartya segla oppover elva, og kjende dei att når dei kom tomme tilbake.

Saman med den tyske verten sin leia han utgravingar i Eifel-området, etter trilobittar så godt bevarte at linsene i fasettaugene framleis var intakte. Ved hjelp av røntgenfotografering kunne dei for fyrste gong studera innvollane til trilobitten, i tillegg til andre delar av undersida som sjeldan er godt bevart, som bein, gjeller og følehorn.

Fyrste frå Norge

- Interessa mi for sjeldne fossil tok meg til dei klassiske funnstadene Hunsrück, Messel, Solnhofen og Holtzmaden. Desse stadene fascinerte meg så mykje at eg seinare har teke med mine eigne studentar frå Oslo på ekskursjonar hit. Jørn Hurum var med på den fyrste turen, og eg vart svært rørt då han gav meg boka "The Link" med dedikasjonen "Til David! Uten deg ingen Messel-tur, uten Messel-tur ingen Ida".

Die Paläontologische Gesellschaft vart stifta i 1912, og Bruton, som nyleg vart pensjonert, er den fyrste frå Norge som har motteke denne heideren. Samstundes med Bruton vart òg professor Else Marie Friis frå Naturhistoriska Riksmuseet i Stockholm korresponderande medlem.

David Bruton, Jes Rust, Martin SanderDavid Bruton saman med presidenten i Paläontologische Gesellschaft, professor Jes Rust, og professor Martin Sander (t.v.), som heldt talen ved utnemninga.

Av Torstein Helleve
Publisert 19. okt. 2009 09:01 - Sist endret 29. nov. 2018 08:21