- Den beste amatørpaleontologen i Norge

Magne Høyberget får internasjonal pris for arbeidet sitt, og unison ros frå paleontologimiljøet ved NHM.

Magne Høyberget under utgraving på Svalbard i sommar. Foto: Jørn Hurum

Høyberget er ein av mange amatørar som gjev verdifull støtte til dei vitskaplege geologimiljøa rundt om i verda. For å visa at ein verdset desse bidraga har the Palaeontological Association sidan 2002 delt ut Mary Anning Award til personar som har gjeve spesielt verdfulle bidrag til paleontologien utan å ha faget som profesjon.

- Eg vart veldig overraska, men er sjølvsagt òg veldig fornøgd med å få ein pris av fagfolka som eg trakkar i bedet til, smiler Høyberget, som reiser til Birmingham i desember for å motta prisen.

Samla steinar

Han har mellom anna vore fast inventar på øgleutgravingane på Svalbard dei fem siste åra. Han har publisert fleire artiklar saman med profesjonelle paleontologar, og i fjor gav han ut eit større arbeid om trilobittar saman med veteranen David Bruton frå NHM.

Interessa for geologi har Høyberget med seg frå barndommen.

- Alle ungar samlar steinar. Men eg har aldri slutta med det, ler han.

Etter kvart kom han i kontakt med geologiske foreningar rundt om i landet, og gjennom desse med musea på Tøyen, som i dag er ein del av NHM.

På høgde med profesjonelle

For femten år sidan var han med på å starta PalVenn (Paleontologisk museums Venner), der han framleis er aktiv og brukar mykje tid. Den tida på sommaren som ikkje vert brukt i den korte utgravingssesongen på Svalbard, vert tilbrakt i kambrosilur i Norge.

- Magne er den beste amatørpaleontologen i Norge. Aktiviteten og innsatsen hans er fullt på høgde med mange profesjonelle, i nokre tilfelle høgare, skryter Bruton, og får støtte av Jørn Hurum:

- Vi får mange henvendelsar frå folk som ynskjer å vera med på utgravingane, men må seia nei til dei fleste. Med si lange erfaring frå feltarbeid er Magne ein av dei som har fast plass på laget, seier Hurum.

Uvurderleg innsats

Både han og Bruton understrekar kor viktige foreningar som PalVenn er for forskinga deira.

- Medlemmene brukar mykje av eiga tid og eigne pengar ut frå ei glødande interesse for faget. For den samlingsbaserte naturvitskapen er denne innsatsen uvurderleg, og set oss i stand til å gjennomføra meir enn vi elles ville vore i stand til. Det gjeld ikkje berre vårt eige fagfelt, men òg zoologien og botanikken, seier dei.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Magne HøybergetJaktrifler høyrer med på øglejakt på Svalbard. Foto: Ida Sofie Frøyland

Av Torstein Helleve
Publisert 28. nov. 2009 00:00 - Sist endret 21. nov. 2018 17:52