Sporvesperm meir komplisert enn antatt

To ulike studier viser samanheng mellom form og yteevne hjå spermen frå gråsporven – men ikkje dei same samanhengane.

Gråsporv i Botanisk hage. Foto: Even Stensrud, NHM

– Det var egentlig litt tilfeldig at vi gjennomførte denne studien, fortel post.doc. Becky Cramer ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

– Vi hadde samla seks datasett med kontrolldata frå tidlegare studier av sperm hjå hannar av gråsporv og middelhavssporv. Prøvene vart tekne av dei same hannane over fleire år. Vi såg at vi kunne bruka desse samla til andre undersøkjingar enn det dei i utgangspunktet var mynta på.

Hjå mange sporvefuglar har både hannar og hoer fleire partnarar i paringstida. For hannane er det om å gjera å produsera den beste spermen, det vil seia den spermen som har best sjanse til å befrukta egget.

Totallengde og symjehastigheit

Jo meir slik spermkonkurranse hjå ein art, jo mindre variasjon i form og storleik på spermen finn vi, seier Cramer.

Cramer og kollegane samanlikna spermprøver frå gråsporvar og middelhavssporvar. Som venta var lengda på spermen relativt konstant, og det same var symjehastigheita. Men så kom overraskinga.

– Ein sveitsisk studie som er gjort av sperm hjå gråsporv, fann ein samanheng mellom totallengda på spermen og auka symjehastigheit, og den same samanhengen for den relative lengda på halen (flagellen). I materialet vårt er denne samanhengen omvendt.

Becky Cramer (t.v.) og Gunnhild Marthinsen frå NHM under prøvetaking i samband med ein annan studie. Foto: Even Stensrud, NHM

Intens prøvetaking

Men der andre kanskje ville meint at ein av studiane måtte innehalda feil, trur Cramer at svaret er å finna ein annan stad.

– Studiane inneheld tre grupper fuglar: vi har undersøkt norsk gråsporv og middelhavssporv frå Spania, som begge er fanga i det fri og lever i bur no. Den sveitsiske studien omfattar gråsporv i det fri.

– Ein annan forskjell er at dei sveitsiske forskarane tok prøvar jamnleg gjennom paringstida, medan vi dreiv intens prøvetaking ein dag i starten og ein dag i slutten av paringstida.

I ei slik samansetjing skulle ein tru at likskapen var størst mellom dei to gruppene av same art, den norske og den sveitsiske gråsporven, og at det var middelhavssporven som skilde seg ut.

Mange muligheiter

Men trass i at det er anslagsvis 3,4 millionar år sidan dei to artane skilde lag, er altså likskapen betydelege større mellom norsk gråsporv og spansk middelhavssporv enn mellom norsk og sveitsisk gråsporv.

– Eg meiner dette viser at forståinga vår for tilhøvet mellom spermen sin form og funksjon har vore for enkel, og at det er fleire andre variablar som òg spelar inn, seier Cramer.

– Muligheitane er så mange at vi foreløpig berre kan gjetta: er det forskjellen mellom å leva i det fri eller i fangenskap? Har dietten noko å seia for kva næringsstoff spermen har tilgang på? Er det andre ting som spelar inn?

– Det er ikkje fyrste gong i historien til vitskapen, og det blir ikkje siste gongen, at vi gjer ein studie for å prøva å finna eit svar eller to, og så ender vi opp med fleire ubesvarte spørsmål. Men det er slik vi går framover.

Referanse

Cramer m.fl.: Morphology-function relationships and repeatability in the sperm of Passer sparrows, Journal of Morphology, April 2015

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Prøvetaking av sperm. Foto: Joachim T. Johansen

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 6. mai 2015 14:18 - Sist endret 27. okt. 2017 13:14