Forførande trommeduett med innlagt lureri

Steinfluer lurar rivaliserande hannar på villspor ved å etterlikna hoa sitt paringssignal.

Zwicknia westermanni vart beskrive som ny art i avhandlinga til Boumans. Foto: Alexandre Ruffoni

I dyreriket finst det mange ulike signal for å tiltrekkja seg partnarar. Hjå Arctoperlaria, ein underorden av steinfluer, kommuniserer hannar og hoar ved å dunka underkroppen rytmisk mot underlaget.

Insektsforskarane kallar dette for «tromming», og ein har rekna med at ulike trommemønster har vore ein artsbarriere, altså eit hinder for at to individ frå ulike artar skal para seg med kvarandre.

Barriere for krysning

No har Louis Boumans, som disputerer for doktorgraden ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo i januar, blitt den fyrste til å dokumentera at det faktisk er slik.

– Men eg understrekar at funnet berre er gyldig mellom dei to artane eg har undersøkt, Zwicknia westermanni og Zwicknia bifrons, seier han.

– Det kan til dømes tenkjast at mellom artar som har trommemønster som liknar meir på kvarandre, vil òg barriera for krysning vera mindre. Det kjenner vi til dømes til mellom artar av grashopper.

Då han fann henne, Zwicknia bifrons-versjonen. Video: Louis Boumans, NHM

Fleire utvekslingar

Men Boumans meiner at tromminga ikkje berre fungerer for å finna ein partner av same art. Hjå ein del artar fungerer den òg som seksuelt konkurransetiltak.

– Det typiske mønsteret er at hannen sender ut eit signal, eit utrop, som hoa svarar på. Til saman vert dette kalla ein duett, seier han.

Så brukar hannen hoa sitt signal for å orientere seg og gå mot henne. Det kan vera nødvendig med fleire utvekslingar av signal før han har funne henne.

Tjuvlytting

– Men hjå ein del artar reagerer hannen med eit signal som liknar på hoa sitt. Kva funksjon dette tredje signalet i utvekslingssekvensen har, har vore uvisst. Men det har ikkje vore registrert noko reaksjon frå hoa på det, så det har neppe å gjera med at hannen skal finna hoa.

– Min hypotese er at formålet med hannen sitt andre signal i desse tilfella er å avspora konkurrerande hannar, slik at ein får hoa for seg sjølv, seier Boumans.

Han har nemlig òg dokumentert tjuvlytting hjå steinfluene: ein hann som får avspelt ein duett mellom ein annan hann og ei ho, kastar seg gjerne inn med sitt eige utrop. Dette tolkar forskarane som eit forsøk på å kapra den tilgjengelege hoa frå rivalen.

Her ser vi korleis ei ho av arten Zwicknia westermanni responderer på signalet frå ein hann av same arten, men ikkje frå ein hann av arten Zwicknia bifrons. Video: Louis Boumans, NHM

Ulike opptak

Ved å plassera steinfluene i eit pappbeger som står oppå ein mikrofon, kan forskarane ta opp signal og studera reaksjonar i laboratoriet.

– Den største utfordringa er faktisk å finna eit rom som er stille nok, der det ikkje er for mykje forstyrrande vifter, kjøleskap eller liknande, seier Boumans.

Deretter kan dei undersøkja reaksjonane hjå hannar på ulike opptak.

– Vi ser at hannane er mykje meir motiverte til å reagera med eigne utrop på duettar. Utrop frå andre hannar åleine gjev mykje mindre respons. Eg tolkar dette som at dei ynskjer å ta over duetten.

Referansar

Denne saka er òg publisert på forskning.no


Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 15. apr. 2015 15:39 - Sist endret 24. apr. 2015 09:17