Opna intim utstilling om kjønn

– For oss er det dette som er kjønnsforsking, sa Jan T. Lifjeld då utstillinga Sexus opna onsdag kveld.

Utstillinga er delt opp i mange små, intime rom. Foto: Karsten Sund, NHM

Rundt 100 inviterte personar var til stades då utstillinga Sexus opna onsdag kveld, passande nok på sjølvaste Darwin-dagen, 12. februar. Darwin er kjent for evolusjonsteorien og det naturlege utval av artar og individ gjennom best tilpasning til omgjevnadane.

– Men den meir ukjende delen av evolusjonsteorien er læra om seksuell seleksjon, eller val av partnar. «Darwins ukjende teori» forklarar at den som gjer det betre enn andre på å tiltrekkja seg partnarar, får vidareført sine eigenskapar til neste generasjon, sa professor Jan T. Lifjeld, som har vore med på å utforma utstillinga.

– Kva er kjønn? For biologane er definisjonen enkel og grei: reproduksjon skjer ved at ei eggcelle og ei sædcelle dannar nytt liv. Det finst ikkje noko tredje kjønn innan biologien, heldt han fram.

Serge von Arx har bidratt til utforminga av utstillinga. Her flankert av formgjevingsleiar Ellen Sjøwall (t.v.) og prosjektleiar for Sexus Marianne Strøm, begge frå NHM. Foto: Karsten Sund, NHM

Som ei sædcelle gjennom kjønnskanalen

– Men ser vi på vår eigen art, ser vi at det òg er stor variasjon innanfor kvart kjønn.

Til slutt kom han inn på utforminga av utstillinga, som er sett saman av mange adskilte rom.

– Utstillinga er som ein intim labyrint, og ein beveger seg gjennom den som ei sædcelle gjennom kjønnskanalen, sa han til ålmenn munterheit.

Fjerna misforståingar

Prorektor Ruth Vatvedt Fjeld var den som foretok den offisielle opninga, rekruttert på kort varsel etter at den planlagte opnaren Harald Eia måtte melda forfall pga. sjukdom.

– Eg kan ikkje svara på spørsmålet kvifor vi har to kjønn, som Lifjeld nevnte, men eg er i alle fall veldig glad for at vi har det. Elles hadde det vore innmari kjedeleg, sa ho.

– Eg er òg glad for at det no er ekspertisen og ikkje mannen og kvinnen i gata som uttalar seg om kjønn. Det er jo dette universitetet er til for: å fjerna misforståingar og fordommar gjennom kunnskap.

Noko ekstra

Tidlegare hadde museumsdirektør Arne Bjørlykke understreka at som vitskapleg museum har NHM muligheiten til å laga utstillingar som Sexus på eiga forsking.

– Det gjer vårt museum til noko ekstra, sa han.

Sexus er open for publikum frå torsdag 13. februar.

– For oss er det dette som er kjønnsforsking, sa Jan T. Lifjeld. Foto: Karsten Sund, NHM

 

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 12. feb. 2014 20:05 - Sist endret 6. aug. 2022 08:59