Stort puslespel med små biller

Systematikken for kortvengjebillene er uoversiktleg og treng revisjon. Tolmodig arbeid og store datasett er nødvendig for å få brikkene på riktig plass.

Calodera aethiops, ein av artane Judith Osswald har studert. Foto: Karsten Sund, NHM

– Skaparen må ha ein overdriven forkjærleik for biller, skal biologen J.B.S. Haldane ha sagt, med tanke på kor mange billearter det finst. Rundt 400 000 artar er kjende, og nye vert stadig oppdaga og beskrive.

Den mest artsrike billefamilien er kortvengjene, og den mest artsrike underfamilien blant kortvengjene har det vitskaplege navnet Aleocharinae. Det er ei av gruppene innan denne underfamilien Judith Osswald, stipendiat ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo, har gyvd laus på.

Ganske rotete

– Systematikken innan kortvengjene er egentlig ganske rotete. Mange artar blant kortvengjene er så  like at ein berre kan kjenna dei frå kvarandre ut frå forma på kjønnsorgana hjå hannane. I andre tilfelle har artar som ikkje har noko særleg til felles blitt plassert i samme gruppa i mangel på betre alternativ.

– Og når dei på toppen av det heile er bittesmå og altså svært talrike, seier det seg sjølv at det er eit tolmodigheitsarbeid å klassifisera dei riktig i forhold til kvarandre, seier Osswald.

Tidlegare dagars insektforskarar har likevel gjort jobben, og systematisert kortvengjene så godt det har late seg gjera.

Judith Osswald under feltarbeid. Foto: Vladimir Gusarov, NHM

Største datasettet

– Men dei har ikkje hatt dei same muligheitene som vi har i dag. I mangel av betre verktøy har dei vore tvinga til å bruka dei eigenskapane som er lette å observera, som kor mange ledd føtene deira har.

I systematikken vert underfamiliar delt opp i det som heiter tribus. Ved hjelp av molekylære analysar av DNAet frå 22 slike innan Aleocharinae, har Osswald vore i stand til å revidera systematiseringa av gruppa. Ho har brukt det største datasettet som til no har vore brukt for denne gruppa.

– Gruppa er artsrik, med rundt 12 000 arter fordelt på over 50 tribus og over nesten heile verda. Artane som inngår i studien, er hovudsakleg samla inn på den nordlege halvkula, men det er òg nokre artar frå lenger sør, fortel Osswald.

Artar må flyttast

Innan systematikken er det eit krav at alle artar som tilhøyrer t.d. ei gruppe eller eit tribus, skal vera monofyletiske, dvs. at at alle artar og individ deler ein unik stamfar.

– Undersøkjingane våre viser at tribuset som var hovudsaka i studien, Oxypodini, ikkje er monofyletisk, men at andre tribus vi studerte, òg må reviderast. Mange artar bør antakeleg flyttast, eller reknast som eigne tribus, seier Osswald.

For utanforståande kan det vera lett å mista oversikta over familiar, grupper og tribus, men Osswald trivst med utfordringa det er å revidera og forbetra systematikken for dei små insekta.

– Det er framleis eit tolmodigheitsarbeid, smiler ho.

– Men vi legg stadig fleire bitar av puslespelet på riktig plass.

Sjå òg

Molecular phylogeny of the beetle tribe Oxypodini (Coleoptera: Staphylinidae: Aleocharinae) (Systematic Entomology, juli 2013)

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 26. sep. 2013 05:00 - Sist endret 13. aug. 2020 11:53