Ny fiskeøgle i gammal foajé

Det skjer ting ved NHM sjølv om deler av museet er stengt: i dag kom det opp ei fem meter lang fiskeøgle i Brøggers hus.

Jørn Hurum, stipendiat Aubrey Roberts og preparant May-Liss Funke klarte ikkje å dy seg då Ophthalmosaurus natans kom. Opp måtte den. Foto: Marianne Strøm, NHM

– Egentlig skulle ikkje denne setjast opp endå. Men då forsendelsen kom, klarte vi ikkje å dy oss, gliser professsor Jørn Hurum.

I åtte sesongar har han leia ekspedisjonar til Svalbard som har gravd etter havlevande øgler frå jura-perioden. Det finaste fossilet har fått navnet Cryopterygius kristiansenae, eller «Gamla», etter ei av øglene i barneboka «Monsterøglene på Svalbard».

Sparebankstiftelsen DNB har gjeve NHM midlar til monter til «Gamla». Modellen som er komen opp no, er av Ophthalmosaurus natans, ein slektning av «Gamla» som er like stor, men mindre flattrykt. Den er òg ein del eldre: 160 millionar år gammal mot 147 millionar år for «Gamla».

Stengjer til sommaren

– Når vi er ferdig med prepareringa av «Gamla», kjem desse to til å bli stilt ut saman. Men det står att ein del arbeid med å fjerna all gipsen som «Gamla» er støypt inn, pluss at fossilet må stabiliserast, seier Hurum.

– Når monteret er klart, er det mest sannsynleg at det vert sett opp i Colletts hus (Zoologisk museum).

Dermed kan «Gamla» godt verta blant dei fyrste geologiske høgdepunkta som vert vist i Colletts hus. For halvanna veke sidan stengte Mineralsalen og Paleontologisk sal i andre etasje i Brøggers hus (Geologisk museum). Til sommaren stengjer resten, og då vil ein altså finna ein del geologi i Colletts hus.

Men fram til då finn du fiskeøgla i sørenden av Brøggers hus, der det tidlegare var inngang og foajé. Høgda er ideell for «selfie» for både store og små. Vi berre nevner det.

Jørn Hurum med «Gamla» for eitt års tid sidan. No er fossilet snudd, og arbeidet med å fjerna resten av gipskappa har starta. Foto: Yngve Vogt, Apollon/UiO

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 4. feb. 2015 13:02 - Sist endret 20. mai 2022 13:32