Jaktar tradisjonell mat i sosiale medier

Nokre kjøtetande kanneberar-arter på Borneo står sjølve på menyen til lokale stammer, som pakkar inn mellommåltida sine i dei.

Kanneberar-snadder. Foto: Rachel Schwallier, Naturalis Biodiversity Center, Leiden

– Eg hadde aldri høyrt om at kanneberarane vart brukt som mat tidlegare, seier botanikar Hugo de Boer ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

– Eldre kjelder fortalde om at plantane vart brukt seremonielt, men ikkje på andre måtar.

Kanneberarane er ei slekt med kjøtetande plantar som høyrer heime i Asia og Australia, med størst utbreiing på dei indonesiske øyene Sumatra og Borneo.

Søk på sosiale nettstader

De Boer og forskarkollegane skulle eigentleg undersøkja kor mykje kanneberarane i høglandet var truga av klimaendringar, då dei kom over at nokre artar òg vart brukte til mat.

– Dei to artane som er mest brukt til mat, Nepenthes ampullaria og Nepenthes mirabilis, veks begge i låglandet. Ingen av desse ser ut til å vera truga av at dei vart hausta inn og brukte til mat, seier de Boer.

Ved å søkja på dei sosiale nettstadene Flickr, Pinterest, Facebook og YouTube etter peruik kera, det lokale navnet på planten, kom forskarane i kontakt med folk som kjende desse tradisjonelle smårettane. Ikkje berre det, forskarane kunne òg danna seg eit bilete av utbreiinga.

Innhausting av kanneberarar. Foto: Rachel Schwallier, Naturalis Biodiversity Center, Leiden

Utfyllande spørsmål

– Nesten alle vi kom i kontakt med, tilhøyrde ei av dei to stammene Bidayuh og Kadazandusun nord på Borneo. På marknadane i desse områda er det vanleg å finna fylte kanneberarar, forklarar de Boer.

Når forskarane hadde kome i kontakt med folk via sosiale medier, ba dei dei om å fylla ut eit nettbasert spørjeskjema.

I tillegg oppsøkte stipendiat Rachel Schwallier frå Leiden i Nederland seljarar og produsentar med meir utfyllande spørsmål. Ho fekk òg vera med på å tilverka retten.

– Kanneberarane vert fylte med kleberis blanda med grønsaker og/eller kjøt. Dei har passeleg størrelse for eit mellommåltid, og innpakninga gjer dei hendige å ta med seg.

Ein viss aroma

De Boer legg til at før ein fekk moderne kjøkken, vart dei fylte kanneberarblada pakka inn i leire og kokt direkte på kol. Det kan ha ført til at innhaldet vart haldbart lengre, så lenge bladet var uopna.

Sidan kanneberarane er kjøtetande, inneheld «kannene» ei væske som vert brukt til å fordøya byttet. Forskarane ville undersøkja om denne væska påverka risen på nokon måte gjennom å koka den på ulike måtar.

– Men vi fann ikkje noko som tyda på det. Den einaste effekten blada har på innhaldet må i tilfelle vera ein viss aroma, smiler de Boer.

Ukokte kanneberarar (t.h.) til sals på marknaden. Foto: Rachel Schwallier, Naturalis Biodiversity Center, Leiden

Internasjonal trend

Medan tradisjonell plantemedisin gjerne vert fortrengt av betre og sikrare moderne medisinar, meiner de Boer at bruken av kanneberarar er eit døme på at tradisjonell mat står sterkare i lokalsamfunna.

– Om noko, er vårt inntrykk at interessa er aukande heller enn dalande, og at sosiale medier spelar ei rolle her.  

– Emballasje som går an å eta er òg ein internasjonal trend. Det amerikanske firmaet Wikipearl har til dømes fått brei omtale for sine økologiske og sunne produkt.

Og skulle du ynskja å prøva denne tradisjonelle retten sjølv, kan du finna Nepenthes ampullaria i sal i norske hagebutikkar, og oppskrifta finn du her:

Oppskrift

(frå ein Bidayuh-familie via Rachel Schwallier)

Rens og reinskjer så mange kanner som du ynskjer å bruka. Fyll dei halvvegs med kvit kleberis som har lige til svulming i vatn. Fyll på med godt salta kokosmelk til risen er dekt. Dampkok kannene i ein times tid.

Kan etast som dei er, men på marknadane vert dei gjerne tilsette kylling eller krydra reker, og pynta med peanøtter eller lauv frå pandanplanten, som er mykje brukt i matlaging i Sør-Aust-Asia.

Referanse

Rachel Schwallier mfl.: Traps as treats: a traditional sticky rice snack persisting in rapidly changing Asian kitchens, 2015, Journal of Ethnobiology and Ethnomedicine, doi:10.1186/s13002-015-0010-x

Denne saka er òg publisert på forskning.no
og på ScienceNordic som Hunting for traditional food in social media

Kanneberarar med kylling eller reker. Ein del føretrekkjer mørkare farge på innpakninga, andre lysare. Foto: Rachel Schwallier, Naturalis Biodiversity Center, Leiden

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 1. juni 2015 14:24 - Sist endret 4. jan. 2016 10:03