Insektsamlinga

I tillegg til insekta, reknast også følgjande grupper med i samlinga: Edderkoppdyr (Araneae), tusenbein (Diplopoda) og skolopenderar (Chilopoda).

Tjuvbiller

Insektsamlinga ved NHM er Noreg si største samling av insekt og omfattar kring 2,5 millionar insekt og andre landlevande leddyr. Samlinga representerer småkryp frå heile verda, men det meste er likevel norske insekt. Dei fleste objekta er tatt vare på og lagra på nål i kassar, men det finnast også mykje materiale konservert i alkohol. I tillegg har vi ein del preparat som er tillaga for å bli studert under mikroskop. 

Typesamlinga utgjer omtrent 1.500 artar, og omfattar artar frå alle kantar av verda. Når ein ny art vert skildra, vel ein ut eitt eller fleire individ til å representera denne arten for framtida. Dette blir gjort i tråd med eit internasjonalt regelverk, og museet sitt typemateriale er noko av det mest verdifulle vi har.

Tilsatte tilknytta insektavdelinga: 

I 2013 vart det inngått ein samarbeidsavtale innenfor entomologi mellom Naturhistorisk museum (NHM), Bioforsk og Norsk institutt for skog og landskap (Skog og landskap). Denne avtalen erstattar Nasjonalt senter for insektbiodiversitet som vart oppretta i 2004 som ein allianse mellom dei same institusjonane.

Publisert 19. jan. 2009 08:45 - Sist endret 2. juli 2018 14:04