Tsjernobyl: norsk natur fortsatt radioaktiv

Målingar ved forskingsstasjonen i Øvre Heimdalen viktig bidrag i kartleggjinga av skadeomfanget mange år etter.

Vinterfiske for å skaffa materiale til måling av radiocesium. Foto: John Brittain, NHM

Natt til 26. april 1986 eksploderte ein av dei fire reaktorane i atomkraftverket i Tsjernobyl, og den alvorlegaste kjernekraftulukka nokonsinne var eit faktum.

På grunn av vindforholda dei fyrste dagane etter ulukka var Norge det landet ved sida av Sovjetunionen som vart hardast råka. Derfor har norsk natur vorte overvaka årleg sidan ulukka skjedde, under leiing av Statens strålevern.

Mottok mykje radioaktivitet

To innsjøar er peika ut som referanseinnsjøar for korleis radioaktivt cesium i vatn og sediment påverkar nivåa i bytedyr og fisk. Den eine er Høysjøen i Nord-Trøndelag, den andre er Øvre Heimdalsvatn ved Valdresflya.

– Det er to hovudårsaker til at Øvre Heimdalsvatn vart valgt. Den eine er at både den og Høysjøen låg i område som mottok mykje radioaktivitet.

– Den andre var at det alt var gjort omfattande økosystemstudiar heilt tilbake til 1957, slik at ein kjende normaltilstanden godt, og dermed kunne sjå kva som endra seg etter ulukka, fortel John Brittain, forskar ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo (NHM) og bestyrar av museet sin forskingsstasjon i Øvre Heimdalen.

Problem i mange tiår

I april 1986 var Øvre Heimdalsvatn dekt av snø og is, og det var dermed fyrst etter snøsmeltinga at dei radioaktive stoffa havna i innsjøen. Det betydde at ein god del av nedfallet forsvann ut av innsjøen alt under vårflaumen same året.

Mange av dei radioaktive stoffa frå Tsjernobyl hadde kort nedbrytningstid, og er no borte frå naturen. Stoffet cesium-137 har derimot mykje lenger nedbrytningstid, og vil vera eit problem i norsk natur i mange tiår enno.

– I løpet av tre-fire år etter nedfallet vart radioaktiviteten i auren i Øvre Heimdalsvatn redusert med 50 %,  men etter kvart har reduksjonen gått seinare, fortel Brittain.

Utvikling av cesium-137 i aure frå Øvre Heimdalsvatn i perioden 1986–2012. Punkta viser gjennomsnitt for kvart år. Fig.: John Brittain, NHM

Ikkje påviseleg innverknad

No nærmar det seg om lag 30 år før cesium-137-nivået i auren vert halvert. Det tilsvarar nesten nøyaktig halveringstida til cesium-137.

Det betyr sannsynlegvis at innsjøen faktisk vert tilført like mykje cesium-137 gjennom innsig frå nedbørfeltet og frigjering frå botnsedimenta som det som renn ut av innsjøen eller vert bunde i dei same sedimenta.

Nedfallet har ikkje hatt nokon påviseleg innverknad på livet i innsjøen, men dei fyrste åra låg det radioaktive innhaldet i fisken godt over tiltaksgrensa, slik at fritidsfiske var rådd ifrå.

På land har det derimot vore større problem med beitedyr. Særleg sau og tamrein har hatt, og har fortsatt, høge verdiar av radiocesium i år med mykje sopp. Sopp har nemleg stor evne til å ta opp radioaktive stoff, og fleire soppartar har høge verdiar.

Lange tidsseriar

Dermed har ein sett i verk tiltak som å gje dyra fôr som ikkje er radioaktivt i ein periode før slakting, slik at radioaktiviteten i kjøtet går ned. Dette vert kalla nedfôring.

Nyleg kom rapporten «Radioaktiv cesium i norske landområder og ferskvannssystemer», der det vert understreka kor viktig kontinuiteten i målingane frå Øvre Heimdalsvatn og Høysjøen er for målingane av radioaktivitet i Norge, men Brittain legg til:

– Slike lange tidsseriar har verdi langt ut over målingar av radioaktivitet. Skal vi seia noko om tilstanden i naturen, må vi ha noko å samanlikna med. Det er eit slikt samanlikningsgrunnlag målingane i Øvre Heimdalen gjev oss.

Referanse

Gjelsvik R. m.fl.: Radioaktivt cesium i norske landområder og ferskvannssystemer. Resultater fra overvåkning i perioden 1986–2013. StrålevernRapport 2014:9, Statens strålevern, 2014

Denne saka er òg publisert på forskning.no

John Brittain på Heimdalsvatn. Foto: John Brittain, NHM

Av kommunikasjonsleiar NHM, Torstein Helleve
Publisert 8. mai 2015 13:01 - Sist endret 26. mai 2015 08:07