Ny vepseart funnen i Brasil – fleire på veg

– Vi var sikre på at vi ville finna nye insektartar, seier forskar Geir Søli. Han deltek i eit prosjekt som skal redusera skadane av gruvedrift på biomangfaldet i Amazonas.

Den nye arten har ein særmerkt utvekst frå bakkroppen og fram over hovudet. Foto: César Favacho, Museu Goeldi

I Paragominas nordaust i Brasil durar maskinene. Norsk Hydro grev etter bauksitt, som skal brukast i produksjonen av aluminium. Og framgangsmåten er brutal: fyrst vert all vegetasjon fjerna, deretter eit halvmeters lag med matjord for seg, og deretter ti-tolv meter masse som dekkjer det verdifulle bauksittlaget.

For å få løyve til gruvedrifta, er Hydro pålagt av brasilianske styresmakter å redusera skadane på livet i regnskogen. Derfor vert jorda lagt tilbake når bauksitten er fjerna, og ulike tiltak er sett i verk for å bringa plante- og dyreliv tilbake.

Vanskelege å oppdaga

Saman med tre brasilianske universitet deltek Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo i prosjektet «Biologisk mangfold i Amazonas», som er finansiert av Hydro og som blant anna skal kartleggja det biologiske mangfaldet i dei berørte områda.

– Hydro overtok drifta etter eit anna selskap, og det viste seg raskt at kartleggjinga som forgjengarane hadde gjort, ikkje var tilstrekkjeleg. Dei hadde blant anna ikkje kartlagt organismar som insekt, sopp og lav, seier fyrsteamanuensis Geir Søli frå NHM, ein av insektforskarane som deltek i prosjektet.

– Insekta kan vera vanskelege å oppdaga fordi dei er så små, men i antal er dei langt større enn pattedyr, fuglar osv. Det gjeld både talet på artar og talet på enkeltindivid, forklarar Søli.

Utvekst frå bakkroppen

Han er derfor ikkje overraska over at kollegar i Brasil no er i ferd med å beskriva den fyrste nye arten i prosjektet.

– Nei, denne vesle snyltevepsen tilhøyrer familien Platygastridae, ein stor familie som finst over heile verda. I denne familien rekna vi med at vi kom til å finna nye artar.

Den nye arten, som ikkje har fått namn endå, er likevel spesiell. Den har ein utvekst som strekkjer seg frå bakkroppen og fram over hovudet. Utveksten inneheld den lange brodden som insektet brukar til å leggja egg med, og fungerer nærmast som ei slire når brodden ikkje er i bruk.

Skrapa i overflata

Søli meiner det er nødvendig at ein har realistiske forventingar til kva prosjektet kan få gjennomført.

– Hydro fjernar all masse over bauksittlaget, men vi biologar har berre så vidt begynt å skrapa i overflata av artsmangfaldet i området.

– Det einaste som er heilt sikkert, er at det er uråd å bringa området tilbake til tilstanden før gruvedrifta tok til, slår Søli fast.

– Samstundes må vi ha klart for oss at «naturen» arbeider på ein annan tidsskala enn vi menneske. Om nokre hundre år kan heile området ha grodd att og vera utan spor av gruvedrifta, men ingen av oss som er innblanda no, kjem til å oppleva det.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Geir Søli (t.h.) saman med Lars Ove Hansen (t.v., NHM) og Rogerio Rosas Silva frå Museu Goeldi. Teltet bak dei er eit malaisetelt, som vert brukt til å fanga insekt. Foto: Torkjell Leira, NHM

Av kommunikasjonsleiar NHM, Torstein Helleve
Publisert 23. okt. 2015 08:38 - Sist endret 9. nov. 2015 10:18