100 000 fugleprøvar på nett

NHM har ei fuglesamling av internasjonalt format. No er den tilgjengeleg på nett.

I databasen kan ein søkja m.a. på navn, familie, innsamlingsstad og objekttype.

Publikum tenkjer gjerne på eit museum som utstillingane, men utstillingane er berre toppen av isfjellet i eit universitetsmuseum. Fundamentet er dei vitskaplege samlingane som finst i magasina der publikum sjeldan slepp til.

– Vi er naturleg nok størst på norske fuglar, men vi har prøvar i samlingane våre frå store delar av verda, fortel professor Jan T. Lifjeld.

– Til saman har vi objekt frå 3600 artar. Det er rundt ein tredjedel av alle eksisterande fugleartar.

DNA- og vevsprøvar

Men forskarane forskar ikkje berre på dei objekta som finst i deira eigne samlingar. Dei låner gjerne frå kvarandre, og det er særleg prøver som kan brukast i DNA-analyser som er av stor internasjonal interesse. No lanserer NHM ei teneste som skal gjera det lettare å få oversikt over kva dei har å tilby.

– Over 100 000 objekt er no tilgjengeleg på nett. Det omfattar alle skinn, egg, spermprøvar og DNA- og vevsprøvar, fortel overingeniør Lars Erik Johannessen ved NHMs DNA-bank.

I tillegg inneheld fuglesamlinga skjelett og fuglar som er nedlagde på sprit. Desse er mindre aktuelle for utlån og lågare prioritert i denne omgang.

– Forskarar frå andre institusjonar er mest interesserte i DNA- eller vevsprøvar, og gjerne i kombinasjon med skinn. Men skinn vert mindre interessante for genetiske analyser når dei vert eldre, sidan DNAet i dei vert dårlegare over tid, seier professor Arild Johnsen.

Utdøydde artar

– Samstundes inneheld skinnsamlinga førebels fleire artar enn DNA-samlinga, og ny genteknologi som gjer det råd å setja saman småbitar av DNA, kan gjera dei gamle skinna i skinnsamlinga meir interessante igjen, supplerer Lifjeld.

Ein «type» er i biologien det eksemplaret som ein art vert beskriven ut frå. Typeeksemplaret er vanlegvis bevart i ei naturhistorisk museumssamling. Fuglesamlinga ved NHM har typemateriale frå fleire fugleartar, bl.a. frå Australia.

– Typane og prøver frå utdøydde artar er det aller viktigaste å ta vare på for eit museum, fortel Lifjeld.

Forskarar og fugleinteresserte

I fuglesamlinga ved NHM finst m.a. eit eksemplar av den no utdøydde geirfuglen, og ein modell er stilt ut i dei zoologiske utstillingane. Men NHM har òg utdøydde artar frå så langt borte som Hawaii og New Zealand.

DNA-banken ved NHM inneheld litt over 70 000 objekt frå fugl. I størrelse reknar dei seg som samanliknbare med den største samlinga av fuglevev i Europa ved Statens Naturhistoriske Museum i København, sjølv om sistnemnde har fleire artar.

Sjølv om basen fyrst og fremst er retta mot forskarar, reknar dei med at andre fugleinteresserte òg vil ta den i bruk.

Karplantar

– Vi får jevnlig henvendelsar frå amatørornitologar som lurer på kva vi har i samlingane våre. No får dei muligheiten til å finna fram til det sjølve, seier Lifjeld.

Johnsen har det faglege ansvaret for DNA-banken ved NHM, og forklarar at vevssamlinga frå fugl berre er ein del av denne. Frysarane på Tøyen inneheld òg DNA/vev frå blant anna pattedyr, fisk, insekt og andre virvellause dyr, sopp, lav og ikkje minst karplantar.

– No skal vi laga ei tilsvarande nettløysing for karplantar. Så ser vi kva erfaringar vi gjer med dei store samlingane før vi bestemmer oss for om vi skal gå vidare med dei mindre samlingane, seier Johnsen.

Besøk NHMs fuglesamling på nett

Denne saka er òg publisert på forskning.no og på ScienceNordic som 100 000 bird samples online

Jan T. Lifjeld, Arild Johnsen og Lars Erik Johannessen i NHM si samling av fugleskinn. No kan kven som helst få oversikt over kva som finst her. Foto: Torstein Helleve, NHM

Av kommunikasjonsleiar NHM, Torstein Helleve
Publisert 30. jan. 2015 11:03 - Sist endret 2. mars 2015 08:51