No finst Gyrodactylus salaris overalt

Til no har den langt meir utbreidde parasitten Gyrodactylus thymalli vorte rekna som ein relativt harmlaus slektning av laksedreparen Gyrodactylus salaris. No viser det seg at dei er den same arten.

Eit såkalla "neighbor-joining tree" basert på rundt 21000 nukleotideposisjonar støttar hypotesen om at Gyrodactylus "thymalli" (blå) og Gyrodactylus salaris (raud) ikkje er to atskilde artar, men berre ein: Gyrodactylus salaris. Ill.: Bastian Fromm, NHM/UiO

Flatormen Gyrodactylus salaris, ein parasitt på atlanterhavslaks, vart fyrste gong beskriven i 1957. Den vart introdusert ti Norge på 1970-talet, og vart umiddelbart ein alvorleg trugsel mot norsk villaks og oppdrettslaks, med alvorlege økonomiske konsekvensar. Derfor har G. salaris vorte ein velkjend parasitt som det er gjort mykje forsking på.

– Mange tiltak har vore prøvd ut, som rotenon, men ingen har vist seg som varige og berekraftige løysingar, seier Bastian Fromm, doktorgradsstipendiat ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Omstridd inndeling

Den nære slektningen Gyrodactylus thymalli er spreidd ut over heile Europa. Den lever som parasitt på harr, men i motsetning til G. salaris er den ikkje livstrugande mot verten sin. Dermed har den heller ikkje vore gjenstand for like mykje forsking.

Sjølv om det tilsynelatande var snakk om to ulike artar, har det vore utfordrande sjølv for ekspertar å skilja dei frå kvarandre. Identifiseringa har derfor ofte vorten gjort ut frå vertsfisken: ein Gyrodactylus på harr (Thymallus thymallus) er ein thymalli, ein Gyrodactylus på laks (Salmo salar) er ein salaris.

Men inndelinga i to ulike artar har vore omstridd heilt frå starten av, med tvil om dei biologiske forskjellane og vertstilknytning. Dei seinaste åra har ei rekkje studiar rettleia av professor Lutz Bachmann sett på forholdet mellom artane på molekylært nivå.

Biologisk viktige molekyl

– Det er ikkje noko poeng i å snakka om G. salaris og G. thymalli som to ulike artar, slår Bastian Fromm fast. Foto: Per Aas, NHM

I desse studiane var det i hovudsak korte såkalla barcode- eller strekkode-sekvensar som vart brukte til å identifisera fleire stammer av G. salaris og G. thymalli. Men det var heilt uråd å finna bevis for eit skilje mellom dei to antatte artane med dei molekylære markørane som utgangspunkt.

Under rettleiing av Bachmann og basert på det tidlegare arbeidet sitt om det som heiter microRNA hjå G. salaris, har Fromm i doktorgradsarbeidet sitt no slått den endelege spikeren i kista til G. thymalli. MicroRNA er korte, bevarte molekyl som er biologisk viktige og fordelt ut over heile genomet. Dei er flankerte av område med meir variasjon, og som kan gje innsikt i evolusjonshistorien til organismar.

Ulike geografiske regionar

– For fyrste gong har vi samanlikna store delar av genomet til desse parasittane, og konklusjonen er klar: det er ikkje noko poeng i å snakka om G. salaris og G. thymalli som to ulike artar.

– Dei er den same arten, fastslår Fromm, som disputerer 27. juni.

Fromm og kollegane hans har kome fram til dette resultatet ved å samanlikna sekvensar fordelt ut over heile genomet hjå G. salaris og G. thymalli frå ulike geografiske regionar. Meir presist har dei brukt sekvensane frå 37 tidlegare identifiserte microRNA og det genomiske "nabolaget" deira utan å finna støtte for delinga i to ulike artar.

Store utfordringar for forvaltinga

– At G. salaris og G. thymalli no viser seg å vera same arten, sender oss på mange måtar tilbake til start. All forsking som har vore gjort til no, må sjåast i lys av dette, seier Fromm.

Til no har ein rekna at G. salaris har hatt si største utbreiing i Norge og deler av Russland, Finland og Sverige. Men no må ein rekna den som utbreidd over heile Europa, inkludert dei britiske øyene. Det gjev forvaltinga store utfordringar.

Heile genomet publisert

– Det betyr at det er ikkje nok å vita at det finst G. salaris i eit vassdrag. Vi må i tillegg finna ut om det er ei stamme som er farleg for laks for å fastslå om laksen er truga. Per i dag klarar vi ikkje det, så vi må gå tilbake til nye analysar av genomet for å avgjera kvar stammene skiljer seg frå kvarandre.

Heile genomet til G. salaris har nyleg vorte publisert, slik at det er tilgjengeleg for neste steg mot ein effektiv metode for å identifisera  stammene som er farlege for laksen, og ei betre forståing av biologien til Gyrodactylus.

– Det langsiktige målet er å unngå farlege og økologisk vanvittige rotenonbehandlingar av vakre og verdifulle norske elver og sjøar, til fordel for selektive og berekraftige behnadlingar for Gyrodactylus-smitte, seier Fromm.

Referanse

Fromm et al: MicroRNA loci support conspecificity of Gyrodactylus salaris and G. thymalli (Platyhelminthes, Monogenea), International Journal for Parasitology 2014, doi: 10.1016/j.ijpara.2014.05.010

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 27. juni 2014 05:00 - Sist endret 19. jan. 2015 17:01